Søk:

Meny

Du er her: Hovedsiden / ROS-analysen klar 

Verktøylinje

ROS-analysen klar

(01.02.19) – Alle som leverte minst 15 lam til Nortura i 2018 får i desse dagar ROS-analysen (Resultat Oversikt Slaktedata), seier fagsjef Finn Avdem i Nortura.

Finn Avdem med ROS

Det er 7 459 Nortura-sauebønder som får ROS-analysen for 2018. 

ROS-analysen er ei attendemelding på slaktekvaliteten på lamma du leverte i fjor på grunnlag av slaktedata som ligg inne.  

God slaktekvalitet er spesielt viktig når vi skal auke salet. Du får høve til å samanlikne deg med middelet av alle medlemmer i Nortura og dei 25 % beste. Du får også samanlikna deg med middelet i eigen landsdel. 

– Den viktigaste samanlikninga gjer du med deg sjølv. Ta difor fram ROS-blankettane for dei siste åra og sjå på utviklinga når det gjeld slaktekvaliteten på lam. Set deg kvalitetsmål for 2019 og legg ein plan for korleis du skal nå måla, gjerne saman med ein rådgjevar frå Nortura, er oppfordringa frå Avdem.