Søk:

Meny

Verktøylinje

Lammesesongen 2018

Saueinteressa på topp i Øvre Hallingdal

(05.07.18) Ein travel, solrik dag i mai fekk vi lov til å bruke nokre timar av tida til familien Lilleslett /Tveide heime på garden Strøm i øvre Hallingdal. Familien består av døtrene Liv, Johanne og Eirin mor Torunn Tveide og far Jon Lilleslett. Heile familien var med å viste fram sau, fjøs og beite.

Liv i full sving med gjetarhunden sin, Ben.
Liv i full sving med gjetarhunden sin, Ben.

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura

Kvifor sauebonde?

Jon er utdanna frå Norges Landbrukshøgskule på Ås (nå: NMBU), medan Torunn er utdanna autorisert rekneskapsførar. Dei kunne difor vald andre vegar enn å bli sauebønder i Hallingdal.

Korleis vart de sauebønder på Strøm?

Både Jon og Torunn kjem frå gard og har difor fått bondelivet inn med morsmjølka. Jon kjem frå eit mjølkeproduksjonsbruk i Hovet og har vore heime i alle feriar og jobba som avløysar. Han har difor godt nettverk blant bøndene i bygda, noko som har kome godt med når det var behov for å leige meir jord. Jon starta yrkeskarrieren som rådgjevar på småfe med kontorplass på Forus på Jæren, midt i smørauget for ein saue-interessert nyutdanna sivilagronom.  Den som lærte mest av Rogalandstida var nok eg… ler Jon. Det er mange flinke og interesserte sauebønder der og eit fantastisk miljø!

Familien Lilleslett/Tveide i solkroken, frå høgre Liv, Torunn, Johanne, Eirin og Jon

Familien Lilleslett/Tveide i solkroken, frå høgre Liv, Torunn, Johanne, Eirin og Jon

Lengten etter Hallingdalen vart likevel for sterk og etter kvart gjekk flyttelasset heimatt og til jobb i Hallingdal Økonomiservice for Torunn og avløysar- og rådgjevarjobb på Nortura Gol for Jon. Draumen om eigen gard låg alltid der, og da Nortura-rådgjevar Per Liahagen ringte og fortalde at det var ei besetning på 36 søyer til sals, så var dei ikkje vanskeleg å be.

Etter den spede oppstarten har dei bygd opp sauedrifta si stein for stein. I 2006 kom Strøm, eit lite bureisingsbruk frå 1909, for sal. Her var det 60 mål dyrka mark, litt beiter og eit lite kufjøs bygd i 1966. Da slo Torunn og Jon til, og dermed hadde dei eigen gard. Jon ynskte å vera fulltidsbonde. Så da måtte det byggjast og utvidast med sau. Sidan 2006 har dei difor kjøpt ein gard til saman med bror til Jon som tilleggsjord, 3 sauebesetningar og bygd på fjøset.  I tillegg til familien på fem, bur det i dag 470 søyer og 7 gjetarhundar på Strøm.

Rimeleg, rasjonelt og enkelt fjøs

Enkelt, men rasjonelt sauefjøs på Strøm
Enkelt, men rasjonelt sauefjøs på Strøm
Eirin sørger for litt støttefôring
Eirin sørger for litt støttefôring
Eit enkelt takoverbygg og ein tom gjødselkjellar, så har ein rimelege, men funksjonelle kvadratmeter til sau
Eit enkelt takoverbygg og ein tom gjødselkjellar, så har ein rimelege, men funksjonelle kvadratmeter til sau
Rundballehekkane er bygd opp 40 cm. Matter under rundballane gjer at surfôret held seg smakeleg lenger.
Rundballehekkane er bygd opp 40 cm. Matter under rundballane gjer at surfôret held seg smakeleg lenger.

Fjøset er verdt eit kapittel for seg. Her har ikkje nokon utstyrs- og fjøsleverandør tent seg veldig rike. Det opphavelege kufjøset har fått eit stort påbygg i form av ein stålbogehall med ei skinne i taket som avstivar bygget. I skinna heng ein rundballekuttar og ei silotalje. Golvet består av eit lag med grus og flistalle. Veggane er kledd med finerplater innvendig og vanleg kledning utanpå. Eit opphøya møne og luftinntak med vindbremseduk langs langveggane syter for god naturleg ventilasjon. Klimaet i fjøset var veldig bra den dagen vi var der, til tross for at fjøset var fullt av sau og gradstokken viste nærare 20 grader pluss ute.

Vatn er eit rimeleg og viktig fôr for sauen. Fjøset har difor mange frostsikre drikkekar med sirkulasjonspumpe der ein kan auke temperaturen på vatnet på kaldaste vinteren. Da vil sauen ha vatn også på denne tida av året. Når lamminga kjem, blir det montert opp drikkekar i alle lammingsbingar.

Låven på gamlefjøset blir også omgjort til fødestue i lamminga, slik at det er plass til at ca 220 søyer kan ha eigen lammingsbinge samstundes. Fjøset har ei enkel  innreiing i tre med langsgåande eteopning. Jon hadde foredrag på LAM 2011 om "Det optimale sauefjøset for bonden, sauen og lommeboka". Her utfordra han publikum på løysingar for å unngå at lam kjem på fôrbrettet. Da fekk han klar beskjed om at dersom eteopninga var 17 cm høg og avstand frå eteopning til golv ca 60 cm, så kjem det ikkje lam på fôrbrettet. Dette har dei prøvd ut og det fungerer!

Bingefrontane og fôrbrettet er skrudd opp på stålbukkar som er 75 cm i botn. Bukkane har regulerbare føter. Når tallen stig, kan dei difor forlenge føtene og løfte opp både fôrbrett og bingefront med silotalja. Jon fortel at han snekra og skrudde saman heile innreiinga til 670 sau på tre dagar. Kostnaden var kr 40 000 til stålbukkane og tremateriale hoggen i eigen skog.

For å kunne nytte romma i det gamle kufjøset på ein rasjonell og enkel måte, er det bygd takoverbygg ved sidan av fjøset og framfor gjødselkjellaren. Under takoverbygga får sauene surfôr etter appetitt i rundballehekk og kraftfôr i enkle krybber.

Rundballehekkane er bygd opp 40 cm for å unngå at lamma kjem opp i rundballehekken og skjemmer ut fôret. Dette betyr at dei må oppi hekken og tildele ferskt fôr frå midten mot slutten av kvar rundball. Dette er litt arbeid, men søyene får ferskare fôr samstundes som ein unngår at "midtpyramiden" med surfôr veltar over hovudet til sauene.  

Det er påsettlamma som får appetittfôring med surfôr om vinteren. Dei vaksne søyene blir lett for feite og søyer med mange foster blir tunge med appetittfôring, synes dei. Grovfôr er ein knappheitsfaktor, og svinnet må difor reduserast mest mogleg. Ut frå deira erfaring, går gjerne 25 % av fôret tapt med appetittfôring i rundballehekk. Difor får dei  vaksne søyene  avgrensa med surfôr to gonger for dagen og litt kraftfôr gjennom heile vinteren.

Uisolert tallefjøs har både fordeler og ulemper. Den største fordelen er at det er rimelegare å byggje, men det er også  eit godt fjøs i lamminga. Klimaet er bra og dei nyfødde lamma set pris på ein tørr og lun talle. Når 6-7 søyer lammar samstundes, er det fort gjort at ein lam kan bli liggjande og bli nedkjølt på eit vanleg drenerande golv. Ulemper er sjølvsagt strøkostnaden og at gjødselverdien av tallen er mindre enn av blautgjødsel. På den andre sida er det enklare og billegare gjødsle med kunstgjødsel enn møkk når ein haustar gras på 15 forskjellige gardsbruk i ei travel tid! Ein må vera godt kledd når gradstokken kryp ned mot minus 30, og det er heller ikkje enkelt å skru "småtteri" i slike temperaturar, men sauen lir ingen nød!

Dei prøver også å få til godt fortørka surfôr som ikkje frys.

I sum har dei brukt ca 2,5 millionar på fjøset sitt, altså ca 5 300 per sau.

Lite overskotslam og tidleg beiteslepp

Til tross for eit forholdsvis høgt lammetal, har dei  ikkje mange lam i overskotslambingen. I driftsopplegget til Jon og Torunn må søyene syne kva dei duger til. Den dagen vi er på besøk, lammar ei tvillingsøye. Søya er i godt hold og i sin beste alder med mykje mjølk i juret. I nabobingen går ei søye med fire jamne fine lam. Torunn går da straks i gang med å adoptere den eine firlingen til tvillingsøya. Gode søyer må difor gå med tre lam. Store og godt utvikla åringar som kjem med eit lam, får gjerne også eit adoptivlam. God vinterfôring, slik at søyene er i godt hold, og gode vår- og fjellbeite er viktige faktorar for å lykkast med eit slik  intensivt driftsopplegg.

Dei meiner også at søyene har godt av å kome ut forholdsvis kort tid etter lamming. I år var dei fyrste søyene ute på beite alt 8. mai. Den fyrste tida får søyene tilgang på både kraftfôr og rundballesurfôr ute på beite. Dette gjev god overgangsfôring samstundes som dei er mindre avhengige av at det er nok vårbeite når søyene kjem ut. Ein får også gjort tilsyn når ein er rundt på  vårbeita med kraftfôr.

I fjellbygda kan det godt kome snø i slutten av mai. Med tidleg beiteslepp må ein difor alltid sørge for at søyer og lam finn ly om så skulle skje. På vårbeitet vi besøkte, var det gjødselkjellaren i  eit gamalt fjøs som var rydda og teken i bruk i bruk som ly.  Her får søyene også kraftfôr, og dei blir difor vande med å bruke rommet.

Sauekontroll-resultata syner at dei lykkast bra med produksjonen sin. Tilvekst frå fødsel til haustvekt ligg som regel mellom 320-330 g per dag per lam, med ca 2,25 lam per søye om våren.

Styrt sluttfôring av slaktelamma og påsettlamma har prioritet

Jon er ingen tilhengar av appetittfôring med kraftfôr ved sluttfôring av slaktelamma om hausten. Han meiner beite- og grovfôropptaket går ned når lamma blir liggjande rundt kraftfôrautomaten. Sluttfôringslamma blir sortert i grupper etter vekt og sleppt på ulike beite. Dei minste lamma får mest kraftfôr.   Slik oppnår dei litt ulik tilvekst og større puljar med lam som kan slaktast samstundes. Kvalitetspoenget frå ResultatOversiktSlaktedata (ROS) var 10,5 på 794 lam i 2017. Det var dei godt fornøgd med.  Påsettlamma får dei beste beita som ofte er på jordene heime på Strøm fordi det er her dei fornyar enga oftast.  Målet er at påsettlamma skal bli godt utvikla produksjonsdyr som kjem i brunst til rett tid og produserer to gode lam fyrste sesongen.

Avlsbesetning

Torunn og Jon er medlem i Hol Vêrering. Avlsarbeidet er jo interessant, men dei nye registreringane er krevjande i ei stor besetning. Å vera avlsbesetning betyr at ein skal produsere eit godt grunnlag å drive avl på gjennom å lage like avkomsgrupper og mest mogleg tilfeldig paring med prøvevêrane. Søyene som blir inseminerte og para med elitevêrar er "handplukka", men dei sørger for at elitevêrane får omtrent like mange søyer kvar dag. Avlsarbeidet har ført til at dei gjennom åra har levert 4-5 seminvêrar til Staur. Utfordring med det er at ein må stå til rette for kvaliteten på vêren når ein står i baren på neste Lammekongress og tek seg ein øl!

Gjetarhundane viktige

Alle i familien har sin eigen gjetarhund. Dei kjøper kvelpar og trenar hundane sjølve. Dei har til og med ordna seg eit 8 mål stor opplyst areal der dei kan trene hundane gjennom heile vinteren. Hundane er viktige for å ha kontroll på sauen, og dei blir brukt både inne ved for eksempel fosterteljing og ute ved flytting og veging av sau. Hundane er også gode å ha i sauesanken, spesielt på ettersank om hausten. Ein god leitehund finn mykje sau.

 Konsernstyrearbeidet

Jon er nå inne i sit andre år som konsernstyremedlem i Nortura. Etter årsmøtet i år vart han også konsernstyret sin representant i Fagutvalet for småfe. Dette tek mykje tid og det blir mange møter. Torunn har difor gått ned i 60% stilling for å vera meir heime og stelle sau. Ho og resten av damene i familien har full kontroll, så det går bra!

Jon legg ikkje skjul på at det har vore eit krevjande år i konsernstyret, og han visste nok ikkje heilt kva han gjekk til da han sa ja til dette vervet.

Har du nokre tankar om korleis vi skal få ned overproduksjonen på sau og lam?

Det har jo skjedd mykje positivt i Nortura det siste året. Satsing på Hverdagslam, salt lammekjøtt osv har løfta salet utanom sesongane. Det har også vore godt sal både i grillsesongen, til jul og påske. Vi er difor godt i gang, men det har førebels ikkje vore nok til å få ned reguleringslagra til Nortura Totalmarked. Ein bør difor greie ut om det er mogleg å finne praktiske ordningar der fellesskapet er med å betaler den som vil redusere produksjonen sin.

Sauen set pris på skygge ein varm dag på vårbeitet

Sauen set pris på skygge ein varm dag på vårbeitet

Snart beiteslepp i fjellet

Torunn og Jon  har sauene på to gode høgfjellsbeite.  Dei er organisert i beitelag og samarbeider om rapportering til Organisert beitebruk, men dei er åleine om tilsyn og sanking. Dette har både fordelar og ulemper. Det er kjekt og sosialt å vera mange folk når noko skal skje, men samstundes er det meir fleksibelt å vera sin eigen herre. Sauesanken kan til dømes skje midt i veka når det er enklare å få tak i ein Nortura-bil..

Våren har eksplodert også i Øvre Hallingdal. Det betyr tidleg beiteslepp, og dei er spente på korleis beitesesongen blir. Snøen smeltar fort og det kan bli tidleg haust i fjellet.

Besøket går mot slutten…. Våren er ei travel tid for sauebonden, men vertskapet har synt ein imponerande ro medan Nortura sin utsende medarbeidar har spurd, kommentert og diskutert sauedrifta i fleire timar. Nå ventar ein gjerdingsjobb for sauebøndene på Strøm.  Sauene byrjar å vise interesse for nokre frodige hagevekstar i nærleiken av eit av dei mange vårbeita. Da er det eit lurt å sørge for tette gjerde for å behalde eit godt naboskap.

Vi takkar for oss og nokre lærerike og trivelege timar saman med familien Lilleslett/Tveide.