Søk:

Meny

Verktøylinje

Team småfe sine råd ved samlasting av sau og lam

(31.08.15) Samlasting av slaktedyr saman med gode Nortura-naboar blir meir og meir vanleg, spesielt i lammeringane. Dette har mange positive sider fordi dyr og transportør blir spara for mange stopp, transportida går ned, og bonden får betre betalt gjennom høgare puljetillegg, fråfall av stoppavgift, lammeringstillegg og betre slaktekvalitet på lamma.

Samlasting
Samlasting i Nore lammering i Buskerud. Foto: Grethe Ringdal

Ulempa med samlasting er at det kan auke risikoen for å spreie smittsame sjukdomar. Det bør ein alltid ha i tankane når ein samlastar.

Her er nokre råd frå Team småfe som bør fylgjast:

  • Buskaper som er bandlagte skal ikkje vera med på samlasting
  • Samlasting bør skje på ein slik måte at livdyr og slaktedyr frå andre flokkar ikkje kjem i kontakt
  • Forslag til egna plassar for samlasting:
    1. Tomt fjøs, reiskapshus og liknande
    2. Kve/uteareal som ikkje er i bruk til livdyr
    3. Felles møteplass (levering frå hengar)

Samlasting bør helst skje saman med buskaper som har mykje kontakt frå før, for eksempel på beite eller i vêrringen.

Småfe frå ulike buskaper bør vera i ulike bingar fram til opplasting på dyrebilen, slik at sjåføren kan ha kontroll med kor mange dyr som blir levert frå kvar produsent.

Dette skal også stå på "Registreringskjema ved samlasting av småfe" som alle skal fylle ut ved levering av dyr på samlastingsplassen.