Søk:

Meny

Verktøylinje

Lammesesongen 2015

Vest-Agder på Stjernelam-toppen igjen

(11.01.16) Året 2015 er historie, og vi kan ta ei endeleg oppsummering av lammesesongen 2015. Den har vore positiv for Nortura på mange vis. I vekene 28 - 52 (6. juli - 31. desember) slakta Nortura 664 500 lam. Dette er heile 38 200 fleire lam enn i dei same vekene i 2014 eller ein auke på 6,1 %. Bakgrunnen for tilførselsauken er at Nortura-sauebøndene leverer fleire lam.

LammetransportAv: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura

Den same statistikken syner at Nortura har ein netto auke på 250 produsentar, og at Nortura har slakta 68,7 % av alle lamma som er slakta i Noreg i 2015.

Dette er ein auke på 2 % i forhold til 2014.

Nortura-sauebonden blir stadig flinkare til å produsere kvalitetslam
Slaktekvaliteten er veldig bra også dette året. Både klasse og feitt held seg stabilt på klasse R og feittgruppe 2+ medan medel slaktevekt har auka med 0,25 kg til 19,5 kg.

Det var det ikkje så mange som forventa etter den seine våren som førte til seint vår- og fjell-beiteslepp i store delar av landet.

Godt sommarbeite og dyktige sauebønder kan reparere på mykje!

Vest-Agder på Stjernelam-toppen
Andelen lam som har fått utbetalt Stjernelamtillegg har gått opp med 0,6 % i sesongen 2015. Fylket med høgast andel Stjernelam var, i år som i fjor, Vest-Agder med 83,1 % Stjernelam. På andreplass kom Troms med 82,3 % Stjernelam, medan Buskerud og Sogn og Fjordane delte på tredjeplassen med 82,2 % Stjernelam.

Vi gratulerer Vest-Agder med Stjernelam-toppen sesongen 2015.

Treg start
Årets lammesesong hadde litt treg start, sikkert på grunn av sein vår og forsinka vekstsesong og fin haust i fjellet. Vi låg etter fjorårets slakting i starten av september. Når sesongen fyrst var skikkeleg i gang, så gjekk det så det suste!

I dei to siste vekene i september og dei to fyrste vekene av oktober slakta Nortura over 70 000 lam kvar veke. Vi gjekk frå å ha 50 % marknadsdekning i starten av september til marknadsdekning på godt over 100 % frå veke 42 (12. oktober).

Marknadsdekning på over 100 % betyr at vi frys inn lam.

Ved utgangen av 2015 er det 1100 tonn lam og 300 tonn sau på reguleringslager. Dette er 800 tonn meir enn ved utgangen av 2014. På den andre sida må vi også hugse på at det vart importert vel 600 tonn ferske lam i 2015 med nedsett toll på grunn av tomme reguleringslager på vårparten.

Statistikk

 

» Oversikt veke 28 - 52, pdf. 38 kb

» Oversikt veke 28 - 50, pdf. 38 kb

» Oversikt veke 28 - 48, pdf. 78 kb

» Oversikt veke 28 - 47, pdf. 38 kb

» Oversikt veke 28 - 46, pdf. 38 kb

» Oversikt veke 28 - 45, pdf. 38 kb

» Oversikt veke 28 - 44, pdf. 38 kb

» Oversikt veke 28 - 43, pdf. 38 kb

» Oversikt veke 28 - 42, pdf. 38 kb

» Oversikt veke 28 - 41, pdf. 38 kb

» Oversikt veke 28 - 40, pdf. 38 kb

» Oversikt veke 28 - 39, pdf. 38 kb

» Oversikt veke 28 - 38, pdf. 38 kb

» Oversikt veke 28 - 37, pdf. 38 kb

» Oversikt veke 28 - 36, pdf. 38 kb

» Oversikt veke 28 - 35, pdf. 41 kb

» Oversikt veke 28 - 34, pdf. 36 kb
 



Statistikk frå Animalia