Kompensasjonsordning for sein levering av haustull

(08.08.07) Produsentar som får haustulla avrekna etter 1/1 vil få eit pristillegg etter trappetrinnsprinsippet. Til lenger produsenten må vente til høgare vert pristillegget.

Av: Knut E. Øygard

Nokre ullstasjonar har innført styrt inntransport, som
til dels medfører at ulla vert køyrt inn etter kvart
som den vert klassifisert.
 
Foto: Knut Øygard
 
Det er fleire grunnar for at ordninga er innført:
  • Ordninga vil redusere ulempa med sein levering og avrekning og dermed skape grunnlag for at produsentane får eit meir rettferdig system for avrekning.
  • Gjennom ordninga vil produsentane få ein direkte gevinst av dei effektivitetstiltaka Nortura har sett i verk for å redusere driftskostnadane i ullomsetnaden.
Etter kvart har det vorte færre ullstasjonar og dermed større mengder ull på kvar stasjon enn tidlegare, og det vil naturlegvis gå lenger tid med å klassifisere ulla på den einskilde stasjon.

For stasjonar med skeiv fordeling av haustull og vårull, vil særleg sesongen for haustull bli lang.
 
Nokre ullstasjonar har innført styrt inntransport, som til dels medfører at ulla vert køyrt inn etter kvart som den vert klassifisert. Dette resulterer i at den totale tida som går med til handsaminga av den ullmengda som skal klassifiserast vert redusert som følgje av spart tid på opplossing og nedlossing av lager.

Både samanslåing av ullstasjonar og styrt inntransport er tiltak som er sett i verk for å redusere kostnader og gje grunnlag for høgare ullpris til medlemmene.
 
Det er altså for å redusere ulempa med sein levering at ordninga med kompensasjon er innført. Stasjonane vil likevel, så langt råd, styre inntransporten etter eit rulleringsprinsipp, slik at produsentar som får sein levering eit år får tidleg levering neste år.
 
 
Meir om kompensasjonssatsane finn du på Norilia sine nettsider.