Ta vare på ullkvaliteten på slaktedyra

(03.07.12) Eit godt oppgjer for ulla er også viktig for ein god økonomi av sauehaldet.

UllSjef for ullstasjonen på Gol, Stein Terje Moen, minner om desse viktige tiltaka for å ta vare på ullkvaliteten:

  1. Lever tørre lam. Dersom ein presser våt ull, skjer det samesom når ein presser vått høy, det går varmt og det blir mugg!
  2. Unngå kutterflis i transportmidla som blir brukt i sauesanken.Fjern tistlar frå haustbeitet og andre stader sauen passerer. Kutterflis og tistlar er dei mest vanlege årsakene til at ull kjem i klasse V i staden for klasse C1. Prisforskjellen mellom desse klassene er over 30 kr pr kg.
  3. Merk ikkje lamma i ullfellen eller nedst og midt mulen slik at lamma “merkar” kvarandre i fellen. Bruk heller sida av mulen til merking. Ull med merkestift blir nemleg kassert.
  4. Sørg for at lamma som blir sluttfôra på grovfôr og kraftfôr, har eit fôringsopplegg som gjer at ulla ikkje blir skitna til eller blir fulle av grovfôrrestar.