Denne artikkelen går igjennom eit saueår og kva ein sauebonde bør gjera i dei ulike årstidene for å lykkast med produksjonen sin. I artikkelen er det lenker til Temahefte og fagartiklar for den som vil fordjupe seg vidare i eit tema.
Av: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura
Når ein skal vurdere om eit lam er slaktemogent, så vurderer ein eigentleg kva feittgruppe ein trur lammet har. Det varierer kor tungt eit lam er når det byrjar å avleire feitt:
Ideell feittgruppe er rundt 2+/3-. Da har ein utnytta potensialet i lammet, samstundes som lammet ikkje mistar kvalitetstillegg på grunn av for mykje feitt. Snittslaktevekt for lam med desse feittgruppene er rundt 19 kg for dei vanlegaste sauerasane.
Når ein skal plukkslakte i store slaktelam-flokkar, kan det vera rasjonelt å ta utgangspunkt i ei levandevekt som ein grovsorterer lamma etter, og så ta den siste sjekken ved å haldvurdere kvar enkelt lam som held vektkravet.
Ved plukkslakting i store slaktelamflokkar er det rasjonelt å ta utgangspunkt i ei levandevekt
Når ein skal sikte seg inn på ei forventa slaktevekt, må ein ta stilling til slakteprosenten, eller prosent slaktevekt av levandevekt. Her er dei viktigaste faktorane som påverkar slakteprosenten:
Lam vege i sankegjerde med lite fôr i vomma, har høg slakteprosent, gjerne rundt 45%. Vanleg slakteprosent på Norsk kvit sau på beite er 40 % på vêrlam og 42 % på søyelam. Siktar ein seg inn på 20 kg slaktevekt for vêrlam og 18,5 kg slaktevekt på søyelam, må altså vêrlamma vega ca 50 kg og søyelamma ca 44 kg.
Det er god økonomi å sluttfôre lam som ikkje er slaktemogne. Ha difor eit gjennomtenkt opplegg for Sluttfôring av lam. Prioriter beitet slik at slaktelam på sluttfôring får det beste beitet, f.eks. raigrasgjenvekst i kombinasjon med vanleg håbeite.
Livlamma bør få det nest beste beitet, f.eks. vanleg håbeite. Søyene kan gjerne vera beitepussarar etter at lamma har fått sitt. Skiftebeiting er alltid lurt, da utnyttar ein beitet best og beiteopptaket blir større. Det er viktig å ikkje drøye haustbeiteperioden så lenge at beitekvaliteten blir så dårleg at søyene taper seg i hold.
Sluttfôringslam på raigrasgjenvekst og vanleg håbeite
Aktuelle livlam-mødrer bør ha desse eigenskapene:
Søye med godt jur og fint plasserte spener
Ved å bruke Sauekontrollen aktivt for å merka av aktuelle livlam-mødre med etikettar, har ein eit godt utgangspunkt for å plukke ut dei rette livlamma.
Aktiv bruk av etikettar i Sauekontrollen gjev eit godt utgangspunkt for å finne aktuelle livlammødre
Gå over jura og sjekk om det er klumpar etter mastitt. Vurder produksjon, hold, tenner og eksteriør når du bestemmer deg for om søya skal utrangerast eller skal få produsere eit år til.
Livsøyene bør skiljast frå lamma rett etter sanking og bli sett inn på litt dårleg beite/seint hausta grovfôr/NH3 halm, for avsining i ei vekes tid. Vurder holdet på søyene. Søyer på "husmorferie" utan lam kan byggje hold på gode haustbeite dersom dei har behov for det. Skiftebeiting er alltid lurt. Søyene kan gjerne vera beitepussarar etter at lamma har fått sitt. Det er viktig å ikkje drøye haustbeiteperioden så lenge at beitekvaliteten blir så dårleg at søyene taper seg i hold.
Søyer på "husmorferie" utan lam kan leggje hold på godt haustbeite
Ved innsett skal søyer og lam behandlast mot innvortes parasittar. Påsettlamma skal vaksinerast etter innsett.
Vurder grovfôrkvalitet og mengde, sett deg inn i fôrbehovet til søyer og påsettlam og lag ein plan for fôring av sau gjennom vinteren. Grunnlaget for rett fôring er gruppering etter alder og holdet på sauene. I fjøs med kraftfôrautomat, er det mindre behov for gruppering da kraftfôrmengda kan styrast individuelt, men også her bør ein fylgje med på holdet for å luke ut evt. taparar. Vurder holdet med jamne mellomrom gjennom vinteren slik at søyene er i godt hold, holdgruppe 3/3+ når dei lammar. Da har dei feittreserver å produsere mjølk av. Tomme og lågdrektige søyer får ofte lite kraftfôr. Da er det ekstra viktig med vitamin- og mineraltilskot for å førebyggje mangelsjukdomar.
Bakerst på ryggen og rumpetangen er fine stader å vurdere holdet på sauen. Kjenn etter feitt på torntapp og tverrutvekst
Søyene skal klyppast snarast råd etter innsett. God ullbehandling er viktig for å få god betaling for ulla. NSG arrangerer klyppekurs for den som vil lære seg saueklypping. Nortura klyppeteam hjelp til å skaffe saueklyppar dersom du vil leige denne tenesta.
Sørg for gode arbeidsvilkår for saueklypparen
Sørg for å ha på plass gode avlsvêrar i god tid før avlssesongen er i gang. Uansett interesse, er det viktig å utnytte den avlsframgangen som avlsbesetningane i Norsk Sau og Geit produserer. Her er tre måtar å gjera det på:
Dersom du ynskjer mest mogleg konsentrert lamming, er det mogleg å synkronisere brunsten på søyene.
Klauvene skal kontrollerast og om naudsynt, skal dei skjerast to til tre gonger i året. Det er ekstra viktig at bein og klauver er kontrollert og i god stand før søyene blir tunge og høgdrektige.
I perioden 90 dagar etter fyrste paring og 40 dagar etter siste paring, passar det å ha fosterteljar på besøk. Fordelen med fosterteljing er tidleg utslakting av tomme søyer, enklare å planlegge av overføring av lam til fostermor og jamnare fødselsvekter og hold på søyene fordi ein kan differensiere fôringa etter tal foster. Vaksiner søyene 2-6 veker før lamming, slik at søyene får tid til å produsere antistoff som kan gå over i råmjølka.
90 dagar etter fyrste paring til 40 dagar etter siste paring, passar det å ha fosterteljar på besøk
Mange har god erfaring med å leggje til rette for lufting av sauen gjennom vinteren. Søyene får betre kondisjon, noko som ser ut til å redusere behovet for fødselshjelp og det blir færre daudfødde lam.
Godt å koma ut på lufting ein fin vinterdag
Planlegg lamminga godt. Dette er den mest hektiske perioden i saueåret, og ei godt planlagt lamming gjev overskot til å berge flest mogleg lam. Her er ei liste ein bør tenkje igjennom:
Tenk igjennom korleis du skal ta vare på overskotslamma. Mange har fått godt tak på denne produksjonen og er med å forsyne marknaden med lam tidleg i den ordinære slaktesesongen.
Ha eit gjennomtenkt opplegg for å ta vare på overskotslamma
Prøv å få til overgangsfôring til vårbeitet. Nok vårbeite er ein flaskehals på mange sauebruk. Ofte kan det vera lurt å leggje til rette for tidleg beiteslepp på eit avgrensa areal, og full fôring med kraftfôr og grovfôr ute, til vårbeitet er komen langt nok. Da lettar ein "trykket" i ein overfylt sauefjøs om våren, samstundes som ein får ei overgangsfôring frå full innefôring til vårbeite. Ein reknar ofte at ein treng ca 0,7 dekar fulldyrka, gjødsla vårbeite per søye med lam.
Vårbeitet bør ikkje snaubeitast, det går utover vårtilveksten og det går lenger tid før gjenveksten kjem i gang. Da bør ein heller bruke større areal eller redusere sauetalet. Ein får størst beiteopptak med å leggje opp til skiftebeiting. Lamma bør behandlast mot innvortes parasittar før slepp på utmarksbeite. Som regel er det unødvendig å behandle søyene. Vurder om sau og lam er beitedyktige. Her er ein del punkt ein bør tenkje igjennom når ein skal vurdere om søyer og lam er klare for livet i utmarka.
Pass på at søyer og lam er beitedyktige før dei blir sleppt på utmarksbeite. Dette er spesielt viktig når utmarksbeitet er i høgfjellet
Ha gode rutinar for slepping av sau på utmarksbeite slik at søyer og lam ikkje kjem frå kvarandre i samband med slepping. Ha tilsyn gjennom sommaren og tilpass sanketidspunkt til prisløypa for lam og kvaliteten på utmarksbeite. Samarbeid i og mellom beitelag effektiviserer sankinga.
Samarbeid effektiviserer sankinga
Har du sau på innmarksbeite gjennom sommaren, er utfordringa å ha nok beite av god kvalitet.
Lag ein strategi for behandling av innvortes parasittar i samråd med veterinær. Behovet for behandling av lam varierer mykje, avhengig av dyretettleiken på beitet, beiteskifter o.l. Behovet for behandling bør vurderast ut frå prøvetaking. Vaksne dyr skal i utgangspunktet ikkje behandlast. Feil bruk av parasittmidlar kan føre til utvikling av resistens slik at parasittmidla ikkje lenger fungerer.
Da er ein klar for ein ny haustsesong!