Søk:

Meny

Verktøylinje

Beitebasert oppfôring av overskotslam

(05.07.17) Ein del synes det er mykje arbeid, og at det ofte blir dårleg tilvekst og lite pengar av å ha overskotslam ut på beite.

Vi har difor lyst til å setje fokus på dette, og bad rådgjevar Karluf Håkull på Nortura Sandeid om å finne to produsentar med gode slakteresultat på overskotslam og som har funne ein rasjonell og grei måte å ha beitebasert oppfôring av overskotslam.

Vi tok fyrst turen til Gunnar og Torill Lægreid, Eidfjord i Hardanger

Dei har ca 100 vinterfôra sau, er deltidsbønder og har behov for å ha eit enkelt opplegg for overskotslamma. Lammetalet er høgt - ca 2,5 fødte lam pr søye, og dei har årleg rundt 30-40 overskotslam. Sommarbeita er svært gode. Dei vurderer difor om søyene er gode nok mjølkarar til at dei kan gå med tre lam før dei plukkar overskotslam.

Hos Gunnar og Torill Lægreid, Eidfjord i Hardanger
Overskotslamma får kome ut på beite ca 14 dagar før avvenning frå mjølk.

Lamma kjem inn og hentar seg ein mjølkesup og ein kraftfôrporsjon

Lamma kjem inn og hentar seg ein mjølkesup og ein kraftfôrporsjon
Lamma kjem inn og hentar seg ein mjølkesup og ein kraftfôrporsjon

Etter avvenning skal lamma ut på dette beitet.
Etter avvenning skal lamma ut på dette beitet.

Den viktigaste faktoren for å lykkast, er at alle lamma får ein god start. Dei har difor rikeleg med kuråmjølk disponibelt, og Torill er nøye med å støttefôre alle lam frå store kull med flaske og smokk. Da blir lamma også vande med smokken dersom ein ser det blir aktuelt å lage overskotslam av dei.

Når lamma blir tekne frå mora etter ca 2 døger, blir det lagt vekt på at dei tek smokken på automaten.

I overskotslambingen er det også tilgang på kraftfôr, vatn og høy.

Ca 14 dagar før avvenning frå mjølk, får lamma kome ut på beite på dagtid. Dette avgrensar opptaket av både mjølkeerstatning og kraftfôr, og gjev ein mjukare overgang når dei skal ut på beite.

For å gjera det enkelt, blir alle lam avvendt frå mjølk samstundes når dei i snitt er ca 6 veker gamle.

Til neste år vurderer dei å avvende i to puljar, da dei største og eldste lamma har ein tendens til å bli litt lause i magen, truleg pga stort mjølkeopptak.

Ute på beite har lamma tilgang på kraftfôr frå automat gjennom heile sommaren. Dei prøver å finne beite som ikkje har vore brukt året før for å førebygga smitte av parasittar.

Lamma blir behandla mot koksidiose nokre dagar etter beiteslepp, og mot rundormar når resten av lamma blir behandla.

Veksling mellom 2 beiteskift gjer at det er lite behov for parasittbehandling utover sommaren, men er det behov, så blir dei behandla.

Dei reknar med å ha slakteklare overskotslam frå starten av august.

Resultat for Nøkkeltalsanalyse slakt for overskotslam 2016:

  • 25 overskotslam
  • Slaktetilvekst: 147 g/dag (ca. 350 g levandevekt)
  • Slaktealder 126 dager
  • Slaktevekt: 19,7 kg
  • Klasse 9,3 (R+)
  • Feitt 6,1 (2+)

Så gjekk turen til Voss til Arnfinn Gjerdåker og Anne Rivenes

Arnfinn og Anne har 80 vinterfôra søyer, og ca 2,5 fødte lam pr søye.

Godt med litt kos frå matmor Anne!
Godt med litt kos frå matmor Anne!

Fine overskotslam!
Fine overskotslam!

Godt å ha ly på beite når det regnar!
Godt å ha ly på beite når det regnar!

Dette flotte kulturbeitet får overskotlamma kose seg på utover sommaren.
Dette flotte kulturbeitet får overskotlamma kose seg på utover sommaren.

Dei har funne ut at dersom ein fyrst skal ha overskotslam, er det like greitt å ha ein del. Arbeidet blir nesten det same. Dei tek difor frå nokså konsekvent alt over 2 lam på søyer og eit lam på åringane. Ein unngår da ein del jurproblem, og søyene held lengre.

I år har dei 39 overskotslam. Lamma får vera saman med mora i ca 1 -2 døger før dei blir sett i ein ”tilvenningsboks” med opp til 7-8 lam. Da er det enklare å fylgje opp at alle får mjølk.

Etter tilvenning, kjem lamma over i fellesbingen. Her er det tilgang på både reint vatn, kraftfôr og høy i tillegg til mjølka.

Når lamma er ca 13 kg og ca 17 dagar gamle, blir dei avvendt frå mjølk og sleppt ut på beite. Der har dei også tilgang på kraftfôr frå kraftfôrautomat.

Dette er ein nokså tøff overgang for lamma, men dei tek seg ganske fort inn. Det har vore brukt eit fast beite til overskotslamma i fleire år.

I 2016 erfarte dei at dette ikkje var så lurt. Da fekk lamma diarè pga utbrot av parasitten Nematodirus Battus. I år har dei difor funne eit nytt beiteareal til overskotslamma.

Ovanfor garden er det eit stort, velstelt og frodig kulturbeite på over 200 mål, med ein del sprett skog, der sauen finn ly. Her går søyer og lam på vårbeite før fjellsending. Overskotslamma får overta dette beitet når resten av flokken blir sleppt til fjells. Beitet blir ikkje gjødsla, men har mykje kløver.

Der det er mogleg, køyrer Arnfinn også beitepussar med jamne mellomrom. Det gir fersk, frodig beite heile sommaren, og sølvbunka får juling!

I fjor avslutta dei kraftfôrtildelinga i august, men i år tenkjer dei å avslutta i juli for å sjå om kraftfôrforbruket kan reduserast og beiteopptaket aukast. Lamma blir behandla mot koksidiose 6-7 dagar etter beiteslepp og mot rundormar ein gong i slutten juni. Dette er som regel nok for å ha kontroll på dei innvortes parasittane. Ser ein at det er behov utover sommaren, så blir lamma behandla.

Lamma blir også behandla utvortes mot flugelarvar for sikkerheits skuld, sidan dette er eit dyreetisk alvorleg problem om det oppstår. Faren vil variera sterkt med kor fuktig og varm beitesommaren er.

Dei reknar med å ha slakteklare overskotslam frå slutten av august-starten av september når den ordinære lammeslaktinga er i gang.

Resultat frå Nøkkeltalsanalyse slakt for overskotslam 2016:

  • 35 overskotslam
  • Slaktetilvekst 125 g/dag (ca. 300 g levandevekt)
  • Slaktealder 133 dager
  • Slaktevekt 18,8 kg
  • Klasse 9,3 (R+)
  • Feittgruppe 5,7 (2+)

Anne og Arnfinn er godt fornøgd med dette resultatet sidan ein del lam vart sett attende pga parasittar i 2016.

Vil du veta meir om beitebasert oppdrett av overskotslam?

Gå inn på fagbiblioteket til småfe under fôring. Her finn du artikkelen: "Fôring, stell og økonomi ved ulikt oppdrett av overskotslam".

Her finn du også lenke til to forsøksrapportar, der vi prøvde ut Italiensk raigrasbeite til overskotslam, med og utan tilgang på kraftfôr på beitet. Gruppa som ikkje fekk kraftfôr, hadde ein tilvekst på 265 - 330 g/dag.