Søk:

Meny

Verktøylinje

Har du alt klart til lamminga?

(Sist endret 28.02.18) Lammingstida er ei travel tid som det er viktig å planleggja godt. Ein godt forberedt lammingssesong gir overskot til å berge fleire lam!

Fødselshjelp ved lamming
Jann Erik Dalum frå Lesja i aksjon som lammingshjelp

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe

I temaheftet "Mindre lammetap" har Team småfe laga fylgjande liste over det som må vera klart til ein travel lammingssesong.

Ordne i god tid før lamminga:

  • Ryddig og oversiktleg (system) i og rundt fjøs
  • Vaksinere sauene
  • Overtrekksklede og støvlar til veterinær og andre som skal inn i fjøset
  • Mogelegheit for handvask
  • Råmjølk i frysaren (frå sau året før og frå ku som reserve)
  • Øyremerke og tang
  • Framfallssele
  • Helsekort 

Ordne til lamming:

  • Nok folk (vaktlister)
  • Viktige telefonnummer (veterinær, Mattilsynet, osv.)
  • Nok grinder til å skilje frå søyer som skal lamme
  • Mogelegheit for lamma til å ligge på tett underlag
  • Lammingslister/noteringsbøker
  • Til fødselshjelp:
    • Hansker, lange og korte
    • Glidemiddel
    • Såpe med lav pH til vask av søya
    • Bøtte
    • Reine tau/snører etc til fødselshjelp
  • Merkestifter
  • Jod, sårsalve, osv.
  • Flasker med smokker til lamma
  • Lammesonde
  • System for å forhindre nedkjøling av lam og for oppvarming av nedkjølte lam
  • Evt. Utstyr til kopplamproduksjon (alt ein treng)

Har du alt dette på plass?

Mange av desse punktene er viktige heile året, men ekstra viktige i lamminga. Før du veit ordet av det, er lamminga i gang!

 

Fagbiblioteket

Selv om mange artikler om lamming er lagt i underkategorier her så finner du mer fagstoff om emnet lamming i fagbiblioteket for småfe som er på beskyttet område.

Temaheftet "Mindre lammetap" ligger og i fagbiblioteket, er du pålogga så bruk lenka her: eller logg inn.

HUSK:
For å søke etter artikler som ligger i fagbiblioteket eller på andre beskyttede områder - må du være pålogget.

Film om lamming
Helsetjenesten for sau har produsert et knippe med videoer som viser hva som skjer før- under og etter lamming. Se filmene på Animalia.no