Søk:

Meny

Verktøylinje

Slepp søyer og lam ut når fjøset fylles

(Sist endret 28.02.18) Etter som lamminga går sin gang, blir mange sauefjøs fylt til randen. Mange dyr pr kvadratmeter i eit sauefjøs som kanskje i tillegg er varmt og dårleg ventilert, fører til stort smittepress på søyer og lam.

Vårbeite
God appetitt på surfôr hjå både søyer og lam

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe

For å lette på "trykket", er det mange gode erfaringar med å sleppe ein del av flokken ut på eit avgrensa vårbeite og gje full fôring med grovfôr og kraftfôr i tillegg.

Ole B. Årdal frå Skei i Jølster fortel at dei slepper ut dei 25 søyene som har lammar fyrst, på eit område på ca 20 dekar fulldyrka mark og 14 dekar udyrka beite.

– Det udyrka beitet har ein del småskog og bergnabbar som gjev ly.

Dette gjer han så snart været tillet det og det er litt grønt på bakken. I tillegg gjev han appetittfôring på rundballar av god kvalitet og kraftfôr. Kraftfôrmengda blir redusert med tilgangen på beite.

– I starten, når tilgangen på vårbeite er liten, er det ikkje noko problem å få både søyer og lam til å eta surfôr ute, seier Årdal.

Dette betrar forholda for dei søyene som står att inne, samstundes som det gjev ein god overgang frå fôring med grovfôr og kraftfôr inne til berre vårbeite ute.

– Eit slik beiteområde kan lett bli nedsmitta med parasittar. Det er difor ekstra viktig med gode rutinar for parasittbehandling med ei slik driftsform, understrekar Ole B Årdal.

Servering
 Kraftfôrservering
 

På berget
Bergnabbane gjev ly om det blir dårleg vær