Søk:

Meny

Verktøylinje

Tiltak etter lamming når våren er sein

(Sist endret 05.06.23) Når våren er sein betyr det utfordringar for sauebonden med lang innefôring før søyer og lam kjem ut på saftige og næringsrike vårbeite. Dette kan lett føre til magre søyer og svoltne lam.

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe

Tilveksten på lamma går ned og søyene er meir utsett for mastitt pga "tomgangsmjølking". Det er også viktig at lamma får tilgang på grovfôr og kraftfôr. Hadde dei vore på vårbeite, hadde dei ete beitegras i tillegg til morsmjølk.

Her er nokre forslag:

  1. Bruk litt meir kraftfôr per søye enn du elles ville gjort. Da dekker du meir av energitrongen til søya og feittreservene vil halde lenger. Del store kraftfôrrasjonar i fleire porsjonar.
  2. For den som gjev grovfôr på fôrbrett, vil fleire fôringar i døgnet auke grovfôropptaket.
  3. Tidleg hausta godt konservert surfôr gjev høgt fôropptak og liknar meir på vårbeite enn seinare hausta grovfôr. Overgangen til vårbeite blir difor lettare med bruk av slik grovfôr.
  4. Lag lammegøyme der lamma får tilgang på vatn, kraftfôr og grovfôr. Dette stimulerer utviklinga av drøvtyggarmagen og dei blir ikkje så avhengige av morsmjølka. Det er også viktig at søyene får litt fred frå "lammemaset", og lamma treng også litt tid for seg sjølv.
  5. Ikkje bli freista til å sleppe ut for tidleg på vårbeitet. Graset bør vera i god vekst, 5-8 cm høgt før beiteslepp. Slepper du ut for tidleg, blir vårbeitet "barbert" og produksjonen av beitegras blir liten.
  6. Blir "trykket" inne for stort, bør du heller sleppe ein del av flokken ut på eit avgrensa område og gje grovfôr og kraftfôr ute.

Sjå artikkelen: Slepp søyer og lam ut når fjøset fylles.

Lammemas
Søyene bør få litt fred frå "lammemaset"

Lammegjømme
Godt med lammegjømme med kraftfôrservering