Søk:

Meny

Verktøylinje

Tips for å få lam i påsettlamma

(15.10.15) I Team småfe hender det vi får spørsmål frå medlemmer som synes det er utfordrande å få lam i åringane. Her er ei liste med tiltak du kan prøve dersom du slit med dette problemet.

Av: Lars-Ivar Fause og Finn Avdem, Team småfe

Vi har rekna på kva det betyr økonomisk at påsettlamma i medel får 1,4 lam kontra at dei ikkje får lam. Dersom vi reknar 18 kg slaktevekt og 1,2 kg ull pr lam og inkluderer alle tilskot frå staten og trekker frå utgifter til ekstra fôring for at påsettlamma er drektige og går med lam, kjem vi fram til at ein har igjen vel kr 2000 pr påsettlam ved å ta jobben med å bedekke påsettlamma.

Ikkje la påsettlamma gå for lenge ute på haustbeite
Haustbeitet får ofte dårleg kvalitet utover hausten, spesielt ved nattefrost og mykje regn. Påsettlamma må ha god tilvekst for å koma i brunst. Godt utvikla åringar er også viktig for å unngå lammingsproblem til våren.

Sørg for passeleg jamn tilvekst gjennom heile vinteren
Alder og vekt spelar inn på når eit påsettlam er brunstig. Passeleg tilvekst på eit påsettlam gjennom vinteren er ca 150-200 g/dag. Kor store kraftfôrmengder som må til for å oppnå denne tilveksten, varierer med grovfôrkvaliteten. Vi har rekne på dette i fôrplanleggingsreknearket "Nortura Sauefôring" og kome fram til fylgjande tilråding:

Grovfôrslag

FEm/kg ts

Kg Formel sau/dag

1. Slått tidleg

0,93

0,3

1. Slått middels

0,85

0,5

1. Slått sein

0,78

0,6


Bruk ein vaksen vêr til å pare åringane
Forskjellen på å bruke ein vaksen vêr og eit vêrlam er at dei vaksne erfarne vêrane er flinkare til å leite opp brunstige søyer. Åringane er ofte litt "beskjedne" og kan vera vanskelege å finne. Ein del har og erfaring med at dei vaksne vêrane parar søya ein gong og så startar jakta på neste brunstige søye, medan vêrlamma har ein tendens til å pare same søye fleire gonger.

La vêren gå fritt med åringane, men la den få ei pause på 5-6 timar pr døgn. Da blir vêren meire "gira" når han blir slept inn til søyene igjen. Det betyr at de bør ha ein vaksen vêr pr gruppe med åringar. går du med vêren i band, er det viktig å bruke god tid og vera tolmodig.

Jo fleire åringar det er pr binge, jo vanskelegare kan det vera for vêren å finne "beskjedne" søyer.

Ikkje la påsettlamma stå midt i sauefjøset
Dersom påsettlamma står i bingar midt i sauefjøset med vaksne dominante søyer på alle kantar, så kan dette undertrykke brunsten hjå påsettlamma. Ei brunstig vaksen søye i nabobingen kan også forstyrre "konsentrasjonen" til vêren. Dette er sjølvsagt mest viktig i sauefjøs der det ikkje er tette veggar mellom bingane. Enkelte har god erfaring med å ta påsettlamma ut i  eit eige rom til dei er ferdig bedekte.

Start paringa tidleg nok
Åringar har få brunstar, og dei store, tidlegfødde, påsettlamma kan vera ferdige med brunstperioden før ein startar paringa. Difor er det viktig å starte paringa tidsnok.

E-vitamin tilskot
E-vitamin er fruktbarhets-vitaminet. 10 g/dag pr åring med eit E-vitamintilskot kan vera ei god investering.


Åring med to fine lam