Fôring, stell og økonomi ved ulikt oppdrett av overskotslam

(Sist endret 17.01.19) Eit overskotslam er eit lam som ikkje har mor eller ikkje får nok mjølk frå mora til at det får tilfredstillande tilvekst og blir difor teken frå søya og fôra opp på mjølkeerstatning, kraftfôr, grovfôr og beite. For å få økonomi i eit overskotslam-oppdrett, er det viktig at ein alt før lamming har tenkt igjennom korleis ein ynskjer å ta vare på overskotslamma.

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe

Det fyrste ein bør gjera, er å utnytte muligheitene til adopsjon av lam slik at alle friske vaksne søyer minimum går med to lam. Ein bør så vurdere om støttefôring med kraftfôr om våren er nok til å gje tilfredsstillande tilvekst på lamma. Dette er særleg aktuelt dersom ein har gode sommarbeite. Når desse muligheitene er brukt opp, vil det som regel vera ein del lam som blir overskotslam. Desse bør vi ha eit gjennomtenkt opplegg for.

Dette er viktig for alle overskotslam
Pass på at lamma får nok råmjølk, helst frå mora dvs 1,5 til 2 dl når dei er fødde og ca 1 liter råmjølk det første døgnet for eitt 5 kg`s lam.

Overskotslam får mjølkeerstatning
Overskotslam får mjølkeerstatning

Ta bort lamma som skal bli overskotslam når dei har gått med mora i ca 1 døgn. Ha gjerne ei tilvenningsavdeling der det er enkelt å fylgje opp lamma når dei skal lære seg å drikke mjølkeerstatning av smokk. Når alle lam er godt tilvent smokken, så kan dei sleppast inn i fellesbingen. Ein smokk frå ein mjølkeautomat der det alltid er mjølk tilgjengeleg, kan betjene opptil 10 lam. Overskotslamma vil ha ulik fødselsvekt og alder. Difor bør ein ha minst to grupper der ein sorterer lamma etter storleik slik at dei minste lamma ikkje blir taparar i kampen om smokken. Dersom ein bruker vanleg "lammemor" med manuell blanding av mjølk og ikkje full appetittfôring, bør ein ha maks to lam per smokk og ha oppsyn med at alle lam får mjølk. Bingane til overskotslamma må vere tørre og utan trekk. Lamma må ha tett liggeunderlag som isolerer. Tørr halm og  flis er bra liggjeunderlag for overskotslam.

Gje lamma appetittfôring på mjølkeerstatning, reint vatn, kraftfôr og litt fint grovfôr dei fyste vekene. Vanleg lammekraftfôr kan brukast heilt frå starten av. 

Overskotslam som ikkje har fått råmjølk frå vaksinert sau, må vaksinerast mot pulpanyre ved ca tre vekers alder. Vurder også om lam som har fått råmjølk frå vaksinert sau, bør bli vaksinert. 

Kraftfôrbasert oppdrett

Ein kan avvenne lamma frå mjølk når dei er ca fire veker og ca 15 kg`s levandevekt (vurder både alder og vekt når det er fornuftig å avvenne). Lamma skal da vera godt i gang med å eta kraftfôr. Det er best at lamma får ei gradvis avvenning frå mjølkeerstatning med avgrensa fôring morgon og kveld i fire til fem dagar.

Kraftfôr

Det er også mogleg med brå avvenning, men da kan lamma stagnere meir. Det er viktig at lamma får fri tilgang på friskt vatn heile tida, og spesielt når ein trappar ned på mjølka.
 
Fortsett vidare inne med vatn, kraftfôr og grovfôr til lamma er ca seks veker. Du har da god kontroll på at lamma veks og er friske før dei blir sleppte på beite. Ein bør helst ikkje bruke eit beite som nyleg er vårbeita med sau. Slike beite vil ha mykje parasittsmitte. Eit vårbeite som er beitepussa, gjødsla og det er kome opp litt gjenvekst, vil vera eit flott beite til overskotslamma.

Hald fram med kraftfôr etter appetitt frå ein kraftfôrautomat også ute på beite. Tilveksten vil da bli høg sjølv om beitekvaliteten varierer. 

Kraftfôrautomat på vårbeite
Kraftfôrautomat på vårbeite

Lamma vil kompensere med å eta meir kraftfôr dersom det blir for lite beite eller kvaliteten på beite blir dårleg. På den andre sida, vil lamma eta mindre kraftfôr dersom ein er flink til å fylgje opp med beitepussing og gjødsling slik at lamma stadig har tilgang på ferskt, proteinrikt og lettfordøyeleg beitegras. Dette er ei forholdsvis intensiv fôring, og det er viktig å passe på at lamma ikkje blir for feite, spesielt søyelamma!

Overskotslam på heimebeite er utsette for koksidiar og bør behandlast for dette. Overskotslamma bør også få vanleg behandling mot rundormar dersom ein nyttar beite som blir brukt til sau år etter år. Sett opp ein plan for vaksinering og snyltarbehandling saman med veterinæren din.

Beitebasert oppdrett

Dersom ein ynskjer å dyrke meir av fôret til lamma sjølv, er det godt mogleg å få god tilvekst på overskotslam på berre godt beite. Italiensk raigras (2-årig raigras) i kombinasjon med noko meir fiberrikt kulturbeite, er eit godt beitegras til overskotslam. Kulturbeitet bør ha ein del vegetasjon slik at lamma finn skygge og ly. Eit grønfôrbeite vil også ha mindre parasittsmitte.


Raigras

I eit feltforsøk gjort hjå fem saueprodusentar i Nord-Hedmark og Sør-Trøndelag, var medel tilvekst frå 265 - 330 g/dag på eit slik beite. Ca 10-12 vekes alder ser ut til å vera passande alder å venne lamma av med kraftfôr og gå over til berre beite. Vi understrekar enda ein gong at beitebasert oppdrett krev god beitekvalitet. 

Ein bør trappe ned kraftfôrrasjonen gradvis ved å gje kraftfôr morgon og kveld i ei vekes tid. Skal tilveksten bli god, bør ein gjennomføre skiftebeiting, beitepussing og gjødsling etter kvar avbeiting. Til gjengjeld slepp ein å fylle etter kraftfôrautomaten kvar dag, og ein får redusert utgiftene til kraftfôr betydeleg fordi det er dei siste vekene før slakting lamma verkeleg et mykje kraftfôr.

Eit alternativ kan også vera å gje avgrensa mengder kraftfôr for eksempel 0,2-0,3 kg ein gong per dag i tillegg til godt beite. Ein er da ikkje så sårbar for variasjon i beitekvaliteten. 

Desse lamma bør også bli behandla mot koksidiose og få vanleg behandling mot rundormar i samråd med veterinær. 

Oppsummert:

Periode Tiltak
Fødsel – ca 1døgn Sørg for at lammet får rikeleg med råmjølk. Ta lammet frå søya og over i overskotslam-bingen. Ha gjerne ei tilvenningsavdeling der det er enkelt å fylgje opp at alle lærer seg å drikke av smokk. Del overskotslamma i to grupper etter storleik, slik at dei minste lamma ikkje blir taparar i kampen om smokken.
1 døgn – ca 4 veker eller ca 15 kg`s levandevekt Appetittfôring med mjølkeerstatning i ein lun og tørr overskotslam-binge. Sørg for tilgang på reint vatn, litt høy og kraftfôr
Ca 4 veker - ca 6 veker Fôr lamma inne med kraftfôr, reint vatn og godt grovfôr etter appetitt
Ca 6 veker- ca 11 veker Slepp lamma ut på godt beite saman med kraftfôrautomaten
Ca 11 veker til slakting Ved beitebasert oppdrett: Avvenning frå kraftfôr og sørg for rikeleg tilgang på godt beite


Økonomi
Arnfinn Gjerdåker og Anne Rivenes frå Voss har eit beitebasert driftsopplegg for overskotslamma sine. (sjå bladet "Lammesesongen 2017" frå Nortura). Arnfinn driv eige rekneskapsfirma og har difor god greie på økonomi. Han har rekna ut at han har att ca kr 1000 i arbeidsvederlag per overskotslam han sender til slakt i starten av september. 

Avvenning av overskotslam ved slepp på utmarksbeite
Vi har også prøvd ut å la overskotslamma gå med søya og støttefôre med kraftfôr heilt til slepp på utmark. Dette fungerte også bra og er eit godt alternativ for den som har god fôring og gode vårbeite, men for dårlege sommarbeite til at søya kan gå med tre lam i utmarka. 

Overkotslam på raigrasbeite
Overkotslam på raigrasbeite