(05.05.15) Ved jordbruksoppgjeret for 2014/15 auka slaktetilskotet for kje med 220 kroner, slik at geitebonden får kr 300 per kje over 3,5 kg. Med bakgrunn i dette, forventar Nortura at tilførslane av kje vil auke. Vi ser alt nå tendensar til det.
Av: Finn Avdem, fagsjef småfe
Vi slakta 6500 kje i 2014, ein auke på 1300 kje i forhold til 2013.
På grunn av auka tilførslar, lageroppbygging og ynskje om å auke salet av kje, gjer Nortura fylgjande endringar i prisane frå 29/6 2015.
Dersom ein tek utgangspunkt i vektgruppa 3,5 - 8,9 kg vil vi få fylgjande prisforskjell i dei ulike vektgruppene:
Vektgruppe |
Prisforskjell |
3,4 kg og lågare |
- Kr 4 |
3,5 - 8,9 kg |
0 |
Over 9 kg |
+ Kr 6 |
Kva slakteprosent har kje?
Slakteprosenten på kje viser kor stor andel av levandevekta ein finn att som slaktevekt. Slakteprosenten varierer mest med kor stor vomma er. Det har difor mykje å si om kjeet er avvent mjølk og blitt drøvtyggjar, eller om kjeet har fått mjølk og mjølkeerstatning heilt fram til slakting.
Vi har fått inn ein del levande- og slaktevekter frå produsentar som leverer kje til Nortura. Vi har også intervjua dei litt om fôringa. Det ser ut som om slakteprosenten ligg i underkant av 40 % når kjeet er avvent mjølk og er drøvtyggjar og i underkant av 50 % når kjeet går på mjølkefôring heilt fram til slakting.
Slakteprosent |
Slakteprosent |
||||
38,0 % |
48,0 % |
|
38,0 % |
48,0 % |
|
Levandevekt, kg |
Slaktevekt kg |
Slaktevekt kg |
Levandevekt, kg |
Slaktevekt kg |
Slaktevekt kg |
10 |
3,8 |
4,8 |
26 |
9,9 |
12,5 |
12 |
4,6 |
5,8 |
28 |
10,6 |
13,4 |
14 |
5,3 |
6,7 |
30 |
11,4 |
14,4 |
16 |
6,1 |
7,7 |
32 |
12,2 |
15,4 |
18 |
6,8 |
8,6 |
34 |
12,9 |
16,3 |
20 |
7,6 |
9,6 |
36 |
13,7 |
17,3 |
22 |
8,4 |
10,6 |
38 |
14,4 |
18,2 |
24 |
9,1 |
11,5 |
40 |
15,2 |
19,2 |
Minimum levandevekt ved slakting bør difor vera 10 kg!
Viktig for å lykkast med kjekjøttproduksjon
Vel ut gode kje med normalt god fødselsvekt rundt 3 kg.
TINE tilrår dette når det gjeld oppdrett av kje:
Nok råmelk av god kvalitet er avgjørende for et nyfødt kje som ikke har utviklet egen motstandskraft mot sykdomsframkallende organismer i miljøet
Kva er mest økonomiske måten å produsere kje på?
Økonomien i kjekjøttproduksjon står og fell på forbruket av mjølkeerstatning. Ein bør ikkje over 0,5 sekk eller 12,5 kg mjølkeerstatning pr kje. Da bør ein avvenne frå mjølkeerstatning ved 5 - 6 vekers alder. Ved kopplamproduksjon er det fleire som avvenner ved 4 - 5 vekes alder, avhengig av vekta lammet har. Etter avvenning vil forbruket av kraftfôr auke.
Kva vekt ein bør slakte på, kjem an på kjeingstidspunkt, kva plass ein har tilgjengeleg for kjekjøttproduksjon og om ein har muligheit for å sleppe kjea ut på beite.
Ved produksjon av kje på ca 6,5 kg slaktevekt i distriktstilskotssone 2, vil ein kunne sitte igjen med kr 50 - 100 kr+ evt. avtaletillegg pr kje til vederlag for arbeid, grovfôr. Slaktealderen på eit slik kje kan vera ca 2,5 månader.
Ved produksjon av eit tyngre kje på ca 11 kg, vil ein sitja att med kr 100 - 150 pr kje til arbeid, plass og grovfôr. Slaktealder på eit slik kje kan vera ca 5 månader.