Endra prissetting på kje

(05.05.15) Ved jordbruksoppgjeret for 2014/15 auka slaktetilskotet for kje med 220 kroner, slik at geitebonden får kr 300 per kje over 3,5 kg. Med bakgrunn i dette, forventar Nortura at tilførslane av kje vil auke. Vi ser alt nå tendensar til det.

Endra prissetting på kje

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe

Vi slakta 6500 kje i 2014, ein auke på 1300 kje i forhold til 2013.

På grunn av auka tilførslar, lageroppbygging og ynskje om å auke  salet av kje, gjer Nortura fylgjande endringar i prisane frå 29/6 2015.

  1. Engrosprisen på kje blir sett litt ned
  2. Kje blir delt opp i fleire vektgrupper for å få ein rettare slaktekostnad og rimelegare retur på større kje.
  3. Nedgang i pris for kje under 3,5 kg. Dette er ikkje salsvare, og vi ynskjer difor ikkje å slakte så små kje. Ynskja slaktevekt er minimum 5 kg.
  4. Positiv prisforskjell på kje over 9 kg. Her reduserer vi engrosprisen mest, for å gje ein ekstra prisstimulans for å auke salet av store kje, men sidan slaktekostnaden går enda meire ned, vil det bli ein netto prisauke på kje over 9 kg.

Dersom ein tek utgangspunkt i  vektgruppa 3,5 - 8,9 kg vil vi få fylgjande prisforskjell i dei ulike vektgruppene:

Vektgruppe

Prisforskjell

3,4 kg og lågare

- Kr 4

3,5 - 8,9 kg

0

Over 9 kg

+ Kr 6

 

Kva slakteprosent har kje?

Slakteprosenten på kje viser kor stor andel av levandevekta ein finn att som slaktevekt. Slakteprosenten varierer mest med kor stor vomma er. Det har difor mykje å si om kjeet er avvent mjølk og blitt drøvtyggjar, eller om kjeet har fått mjølk og mjølkeerstatning heilt fram til slakting.

Vi har fått inn  ein del levande- og slaktevekter frå produsentar som leverer kje til Nortura. Vi har også intervjua dei litt om fôringa. Det ser ut som om slakteprosenten ligg i underkant av 40 % når kjeet er avvent mjølk og er drøvtyggjar og i underkant av 50 % når kjeet går på mjølkefôring heilt fram til slakting.

 

Slakteprosent

 

Slakteprosent

 

38,0 %

48,0 %

 

38,0 %

48,0 %

Levandevekt, kg

Slaktevekt kg

Slaktevekt kg

Levandevekt, kg

Slaktevekt kg

Slaktevekt kg

10

3,8

4,8

26

9,9

12,5

12

4,6

5,8

28

10,6

13,4

14

5,3

6,7

30

11,4

14,4

16

6,1

7,7

32

12,2

15,4

18

6,8

8,6

34

12,9

16,3

20

7,6

9,6

36

13,7

17,3

22

8,4

10,6

38

14,4

18,2

24

9,1

11,5

40

15,2

19,2


Minimum levandevekt ved slakting bør difor vera 10 kg!

Viktig for å lykkast med kjekjøttproduksjon

Vel ut gode kje med normalt god fødselsvekt rundt 3 kg.

TINE tilrår dette når det gjeld oppdrett av kje:

Nok råmelk av god kvalitet er avgjørende for et nyfødt kje som ikke har utviklet egen motstandskraft mot sykdomsframkallende organismer i miljøet

  • Kjeet skal ha råmelk så snart som mulig og helst innen 2 timer: 2 dl til et nyfødt kje pr. mål og minimum 6 dl første døgnet. Den beste måten å sikre råmelktilgangen på, er å ta kjeet fra mor like etter fødsel og melke mora.
     
  • Kjea skal ha trekkfri, tørr binge med anledning til å ligge på tett underlag.
     
  • Fri tilgang på melkeerstatning fra automat eller smokkbøtte er den fôringsmåten som ligger nærmest det naturlige for kjeet. Bruk melkeerstatninger som er beregna på kje/lam og følg nøye blandingsforholdet som er oppgitt.
     
  • Tilgang på kraftfôr, fint grovfôr og vann fra dag 1. Kjea er å regne som enmaga ved fødsel og det er viktig at utviklinga til drøvtygger kommer i gang så fort som mulig. Kraftfôr og grovfôr stimulerer vomutviklingen ved å tilføre mikroorganismer fra miljøet til vomma. Gjæringsproduktene fra omsetninga av kraftfôr spesielt, vil stimulere utviklingen av vompapillene og gjøre opptak av næringsstoffer fra vom til blod mulig.
     
  • Bruk kraftfôr beregnet på dyr i vekst, altså kraftfôr til kalv, kje/lam med god smakelighet, god proteinkvalitet og ekstra tilsetting av vitaminer.
     
  • Styr tidspunkt for avvenning med melk etter størrelse og tilvekst, ikke bare etter alder! Kje som går på automat eller smokkbøtte/kjebar bør avvennes brått. Redusèr aldri det anbefalte blandingsforholdet for melkeerstatning. Kjea bør ete 0,1 - 0,2 kg kraftfôr og noe grovfôr før avvenning.

Kva er mest økonomiske måten å produsere kje på?

Økonomien i kjekjøttproduksjon står og fell på forbruket av mjølkeerstatning. Ein bør ikkje over 0,5 sekk eller 12,5 kg mjølkeerstatning pr kje. Da bør ein avvenne frå mjølkeerstatning  ved 5 - 6 vekers alder. Ved kopplamproduksjon er det fleire som avvenner ved 4 - 5 vekes alder, avhengig av vekta lammet har. Etter avvenning vil forbruket av kraftfôr auke.

Kva vekt ein bør slakte på, kjem an på kjeingstidspunkt, kva plass ein har tilgjengeleg for kjekjøttproduksjon og om ein har muligheit for å sleppe kjea ut på beite.

Ved produksjon av kje på ca 6,5 kg slaktevekt i distriktstilskotssone 2, vil ein kunne sitte igjen med kr 50 - 100 kr+ evt. avtaletillegg pr kje til vederlag for arbeid, grovfôr. Slaktealderen på eit slik kje kan vera ca 2,5 månader.

Ved produksjon av eit tyngre kje på ca 11 kg, vil ein sitja att med kr 100 - 150 pr kje til arbeid, plass og grovfôr. Slaktealder på eit slik kje kan vera ca 5 månader.