Leveringsvilkår for småfe 2021

(01.07.21) Årets leveringsvilkår er stort sett som i 2020, kun noen få justeringer på grunn av datoforskyving på kalenderen. Eksempel på dette er sesongtillegget på lam. Det trappes ned i samme uke nr som i 2020. Det betyr i praksis at Nortura beholder sesongtillegget en uke lenger.

Flotte beiteforhold for sauen. Foto: Kari Mørkve Jordalen

Fullstendige leveringsvilkår for småfe finner du i lenken under (krever innlogging), eller i informasjonsheftet.

» Leveringsvilkår småfe

Utnytt leveringsvilkåra og få betre pris

Nortura-sauebøndene fekk i 2020 utbetalt i middel kr 8,20 per kg lammeslakt i form av tilleggsytingar. Dette er betaling frå fellesskapet for god kvalitet, marknadstilpassing og sparte kostnader, samt ein bonus for levering over eit visst kvantum sau- og lammeslakt til Nortura. Det er difor viktig å setje seg inn i leveringsvilkåra og tenkje igjennom korleis ein kan ta ut høgast mogleg pris.

Her er eit eksempel på korleis du kan plusse på avrekningsprisen ved å utnytte leveringsvilkåra. Vi føreset slaktevekt som i 2020 i Nortura (19 kg), levert i Gourmetlamperioden i ei pulje på minst 15 dyr og at garden leverer minst 1000 kg saue- og lammeslakt til Nortura.

  • Puljetillegg: (kr 10-60,- per dyr): kr 0,52-3,15 pr kg
  • Tillegg Stjernelam: kr 2,50 pr kg
  • Tillegg Gourmetlam: kr 2,00 pr kg
  • Kvantumstillegg min. 1000 kg slakt : kr 0,40-1,70 per kg
  • Lammeringstillegg (kr 15 per dyr): kr 0,79 pr kg
  • Støtte elektroniske øyremerke (kr 12 per dyr): 0,63 pr kg
  • Sum: kr 6,84-10,77 pr kg lam

Dersom ein utnyttar leveringsvilkåra maksimalt og prisprognosen blir ein realitet, så vil eit R lam slakta i veke 35 betale seg med i underkant av kr 66,- pr kg (inkludert grunntilskot). I tillegg kan ein unngå stoppsats på kr 150 dersom ein samlastar med ein eller fleire naboar.