Lammesesongen 2025 – Tidenes prisløft for lam
(30.06.25) Ein ny slaktesesong står for døra og Nortura gjer seg klar til å ta imot sau og lam frå sauebønder frå heile landet.

I 2024 slakta Nortura i overkant av 594 000 sau og lam. 83 % av desse vart levert i sesongmånadene august, september og oktober. Ein stor del av salet går også føre seg i desse månadene. Da er det viktig å lykkast frå beite til bord med å treffe marknaden. Produksjon av lam er jo meir enn nokon annan produksjon, avhengig av vær og beiteforhold på inn- og utmark. Det gjer slaktesesongen ekstra spanande.
Ser vi attende på fjorårssesongen, leverte Nortura-sauebonden lam med jamt over god kvalitet. Over 90 % av lamma fekk utbetalt Stjernelam-tillegg og over 60 % fekk i tillegg utbetalt Gourmetlam-tillegg. Produksjonen av lam har gått jamt og trutt nedover heilt sidan 2018. Dette skuldast både færre søyer, men også at det blir produsert færre lam pr søye. Nå er produksjonen nede på eit nivå som gjer at det er for lite kvalitetslam til å dekke etterspørselen.
Fjorårssesongen var difor også prega av at det var underskot av lam. Dekningsgraden til NOEK (Norsk egg- og kjøttråvare) måler kor stor del av bestillingane som tilførslane greier å dekke. Den låg mellom 70 og 90 % gjennom heile 2024-sesongen. Vi veit det kan vera ein del overbestilling når det er underskot. Likevel må det vera rett å si at det er rom for større produksjon av kvalitetslam nå.
September er den store salsmånaden for lam. Nortura har difor eit ynskje om at ein stor del av lammeslaktinga skal skje i september. Nortura-sauebonden responderte på dette ynsket. I dei viktige salsvekene 36-39 fekk Nortura 2 800 fleire lam i fjorårssesongen enn i dei same vekene i 2023. Det var bra.
Når det gjeld sau, er det framleis ein utfordrande marknadssituasjon. Ein stor del av sauen blir vanlegvis seld som heile slakt til industrikundar. Dette salet har stupt dei seinare åra. Nortura jobbar difor med å finne andre salskanalar for sau. Ved utgangen av mai ligg det framleis i overkant av 700 tonn sau på reguleringslager. Dette er 117 tonn mindre enn ved nyttår. Det går difor rette vegen, men lageret vil truleg ikkje vera tømt før ny slaktesesong. På grunn av denne marknadssituasjonen, har Nortura hatt eit ynskje om at ein større del av leveransane frå saue bonden skal vera lam. Her fekk vi også ei positiv utvikling i 2024. Da slakta Nortura-sauebonden 4,04 kg lam pr kg sau, mot 3,74 kg lam pr kg sau i 2023. Vi håpar denne trenden held fram dette året!
Det positive med knapp marknadsdekning er at det gjev grunnlag for Nortura til å auke prisen til bonden. Konsernstyret vedtok å auke engrosprisen på lam med kr 2 for fyrste halvår og kr 3 for andre halvår. I fjorårets jordbruksoppgjer vart det også forhandla fram auka grunntilskot på sau og lam. På grunn av god marknadsbalanse på lam, er også omsetningsavgifta redusert. Til saman gjev dette tidenes prisløft på lam i 2025-sesongen. Prisprognosen syner ein prognosert prisvekst på lam klasse R, best betalte vektgruppe, inkludert sesongtillegg og grunntilskot på over 7 kr pr kg samanlikna med fjorårs-sesongen. Auken i engrospris skal finansierast gjennom knalltøffe prisforhandlingar med kjedene. Da må Nortura ha sauebøndene i ryggen! Finst det andre alternativ er det verre å forhandle fram gode prisar på vegne av bonden. Så enkelt er det.
Da er det berre å brette opp armane for ein ny slaktesesong. Les informasjonen vi har laga og planlegg godt. Hugs å merke sau og lam rett! Da går alt så mykje lettare. 83 % av leveransane til Nortura av sau og lam kom frå lammeringane i 2024. Det er difor lurt å også ta med resten av medlemmene i ringen i planlegginga.
I store delar av landet har det vore ein tidleg vår og tidleg beiteslepp. Det skreiv vi også før sesongen i fjor. Småferådgjevarane i Nortura spår difor ein slaktesesong ca som fjoråret. Framtida vil vise om vi får rett!
Lykke til med slaktesesongen 2025 i samarbeid med Nortura!
Finn Avdem,
Fagsjef småfe i Nortura
Informasjonsheftet «Lammesesongen 2025»
Informasjonsheftet i pdf. (34 MB) og det meste av innholdet i heftet finner du i kategoriene under Lammesesongen.
Informasjonsheftet trykkes opp kun i et begrenset antall som du kan få ved henvendelse til Medlemssenteret, vi anbefaler at du leser det på nett - eventuelt du kan printe ut for eget bruk.