Fôring, stell og økonomi ved ulikt oppdrett av overskotslam

(Sist endret 19.02.18) Eit overskotslam er eit lam som ikkje har mor eller ikkje får nok mjølk frå mora til at det får tilfredstillande tilvekst og blir difor teken frå søya og fôra opp på mjølkeerstatning, kraftfôr, grovfôr og beite. For å få økonomi i eit overskotslamoppdrett, er det viktig at ein alt før lamming har tenkt igjennom korleis ein ynskjer å ta vare på overskotslamma.

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe

Det fyrste ein bør gjera, er å utnytte muligheitene til adopsjon av lam slik at alle friske vaksne søyer minimum går med to lam. Ein bør så vurdere om støttefôring med kraftfôr om våren er nok til å gje tilfredsstillande tilvekst på lamma. Dette er særleg aktuelt dersom ein har gode sommarbeite. Når desse muligheitene er brukt opp, vil det som regel vera ein del lam som blir overskotslam. Desse bør vi ha eit gjennomtenkt opplegg for.

Klikk for større bilde
Overskotslam får mjølkeerstatning

Dette er viktig for alle overskotslam
Pass på at lamma får nok råmjølk, helst frå mora dvs 1,5 til 2 dl når dei er fødde og ca 1 liter råmjølk det første døgnet for eitt 5 kg`s lam.

Ta bort lamma som skal bli overskotslam når dei har gått med mora i ca 1 døgn. Bingane til overskotslamma må vere tørre og utan trekk. Lamma må ha eit tett liggeunderlag som isolerer. Tørr halm, flis eller styropor er bra liggjeunderlag for overskotslam.

Gje lamma appetittfôring på mjølkeerstatning, reint vatn, kraftfôr og litt fint grovfôr dei fyste vekene. Vanleg lammekraftfôr kan brukast heilt frå starten av.

Overskotslam som ikkje har fått råmjølk frå vaksinert sau, må vaksinerast mot pulpanyre ved ca tre vekers alder. Vurder også om lam som har fått råmjølk frå vaksinert sau, bør bli vaksinert.

Mjølkeerstatningsbasert oppdrett (sommarlam-produksjon)

VårlamDet mest intensive oppdrettet av overskotslam er å gje dei mjølkeerstatning heilt fram til slakting. Så intensiv fôring fører til at lamma blir slaktemogne ved mykje lågare vekt enn vanlege lam, men slaktevekta bør over 10,1 kg, som er nedre vektgrense for å få sommarlam-tillegg.

Øvre vektgrense er i 15,0 kg. Slakte % på slike lam varierer rundt 50. Levandevekt ved slakting bør difor variere mellom vel 20 kg og oppover til i underkant av 30 kg. Lamma kan lett bli for feite når dei kjem opp i vekt. Er ein redd for feitt-trekk, må ein avgrensa mengda mjølkeerstatning morgon og kveld med lik konsentrasjon den siste veka før slakting. Da er det ekstra viktig med tilgang på reint drikkevatn i tillegg.

Det er mange typar mjølkeerstatningar på marknaden, med nokså stor forskjell i pris og kvalitet. Medel tilvekst på eit sommarlam bør vera mellom 400-500 g/dag. Dette betyr som regel at ein bør velje den mjølkeerstatninga med høgast næringsinnhald som difor gjev høgast tilvekst. Lamma vil da vera slakteklare etter 6-8 veker. Du må difor ha hovudtyngda av lamming i slutten av mars, april og heilt i starten av mai dersom du skal nå tak i tilleggsprisen som gjev økonomi i denne produksjonen.

Eit sommarlam bør ha ei fødselsvekt på minimum 4,5 kg dvs at ein som regel må bruke dei største lamma frå trilling- og firlingfødslar. Er ein flink til å undervenne lam, kan det også vera eit alternativ å bruke einstaka lam til sommarlam og undervenne to fosterlam til søya.

Avgrensingar av fabrikkar som slaktar sommarlam
Denne produksjonen er berre aktuell for dei medlemmene og leverandørane som leverer til Forus, Sandeid, Førde og Gol i mai og juni. På dei andre småfefabrikkane våre, er det så få aktuelle sommarlam at det ikkje er økonomisk forsvarleg å starte opp småfeslaktelinjene for så få dyr. Ta kontakt med rådgjevar eller medlemssentra på Forus, Sandeid, Førde, Tønsberg og Rudshøgda for nærare informasjon aktuelle slakteveker for sommarlam. Sommarlamprisane i ulike slakteveker finn du i artikkelen .

Samarbeid gjerne med naboar/lammeringen slik at vi får til ein så rasjonell inntransport som mogleg.  

Økonomi
Føresetnader:
Leverer over 5000 kg sau/lam
Leverer i pulje på 130 stk og meir i lammering
Distriktstilskots sone 3

Fødselsdato

16.4.18

 

 

Fødselsvekt, kg

5

 

 

Alder slakting dagar

43

Vekt slakting, kg

24,4

Tilvekst g/dag

450

Slaktevekt, kg

12,2

Kg mjølkeerstatning pr dag

0,45

Slaktedato

29.05.18

Kraftfôr, kg pr dag

0,2

 

 

Slakteprosent

50 %

 

 

 

 

 

Pris pr kg inkl
grunntilskot

 

Slaktevekt, kg

12,2

kr 64,00

kr 779,20

Puljetillegg pr stk

 

 

kr 50

Kvantumstillegg pr kg

 

kr 1,70

kr 20,70

Lammeringstillegg pr stk

 

 

kr 10

Ull

 

 

kr 0

RFID godtgjering pr stk

 

 

kr 12

Tilskot lammeslakt

 

 

kr 500

Distriktstilskot

 

4,95

kr 60

 

 

Inntekter

kr 1 432

 

 

 

Pris pr kg

 

Mjølkeerstatning, kg

19,4

kr 32,50

kr 629

Kraftfôr (lammekraftfôr storsekk)

8,6

kr 4,20

kr 36

Vaksine (20 lam)

 

 

kr 55

Strø

 

 

kr 30

 

 

Kostnader

kr 750

Til mjølkeutstyr, arbeid og  grovfôr

 

 

kr 682

 

Kraftfôrbasert oppdrett

Klikk for større bilde
Kraftfôr til overkotslam inne

Ein kan også lage ordinære slaktelam av overskotslamma ved å avvenne frå mjølkeerstatning så tidleg som råd og fôre overskotslamma vidare på kraftfôr, grovfôr og beite. Tilveksten blir da noko lågare, men lamma tåler da ei høgare vekt før dei er slaktemogne.

Ein kan avvenne lamma ved ca 30 dagars alder og ca 15 kg`s levandevekt (vurder både alder og vekt når det er fornuftig å avvenne). Lamma skal da vera godt i gang med å eta kraftfôr. Det er best at lamma får ei gradvis avvenning frå mjølkeerstatning med avgrensa fôring morgon og kveld i fire til fem dagar.

Det er også mogleg med brå avvenning, men da kan lamma stagnere meir. Det er viktig at lamma får fri tilgang på friskt vatn heile tida, og spesielt når ein trappar ned på mjølka.


Kraftfôrautomat på vårbeite

Fortsett vidare inne med vatn, kraftfôr og grovfôr etter appetitt i ca 14 dagar. Du har da god kontroll på at lamma veks og er friske før dei blir slepte på beite. Hald fram med kraftfôr etter appetitt frå ein kraftfôrautomat også ute på beite. Tilveksten vil da bli høg sjølv om beitekvaliteten varierer.

Lamma vil kompensere med å eta meir kraftfôr dersom det blir for lite beite eller kvaliteten på beite blir dårleg. På den andre sida, vil lamma eta mindre kraftfôr dersom ein er flink til å fylgje opp med beitepussing og gjødsling slik at lamma stadig har tilgang på ferskt, proteinrikt og lettfordøyeleg beitegras. Dette er også ei forholdsvis intensiv fôring og det er viktig å passe på at lamma ikkje blir for feite, spesielt søyelamma!

Overskotslam på heimebeite er utsette for koksidiar og bør behandlast for dette. Overskotslamma bør også få vanleg behandling mot rundormar dersom ein nyttar beite som blir brukt til sau år etter år. Sett opp ein plan for vaksinering og snyltarbehandling saman med veterinæren din.

Økonomi:
Føresetnader:
Leverer over 5000 kg sau/lam
Leverer i pulje på 130 stk og meir i lammering
Distriktstilskots sone 3

Fødselsdato

16.4.18

 

 

Fødselsvekt, kg

4,5

 

 

Alder avvenning, dagar

30

Vekt avvenning, kg

16,5

Tilvekst før avvenning g/dag

400

Vekt slakting, kg

48

Kg mjølkeerstatning, kg pr dag

0,4

Slaktevekt kg

20,16

kraftfôr før avvenning, kg pr dag

0,2

Slaktedato

14.08.18

Tilvekst etter avvenning g/dag

350

 

 

Kg kraftfôr pr dag e avvenning

0,9

 

 

Alder slakting, dager

120

 

 

Slakteprosent

42 %

 

 

 

   

Pris inkl grunntilskot og sesongtillegg

 

Slaktevekt, kg

20,3

kr 50,30*

kr 1 021

Stjernelamtillegg kr/kg

20,3

kr 2,50

kr 51

Gourmetlamtillegg kr/kg

20,3

kr 2,00

kr 41

Puljetillegg pr stk

 

 

kr 50

Kvantumstillegg kr/kg

 

kr 1,70

kr 35

Lammeringstillegg pr stk

 

 

kr 10

Ull, kg

1,3

kr 32,50

kr 42

RFID godtgjering kr/stk

 

 

kr 12

Tilskot lammeslakt

 

 

kr 500

Beitetilskot kr/stk

 

 

kr 59

Distriktstilskot kr/kg

 

4,95

kr 100

   

Inntekter

kr 1 921

 

   

Pris pr kg

 

Mjølkeerstatning, kg

12

kr 32,50

kr 390

Kraftfôr (lammekraftfôr storsekk)

87

kr 4,20

kr 365

Vaksine/parasittbehandling

 

 

kr 58

Strø

 

 

kr 40

   

Kostnader

kr 853

Til mjølkeutstyr, arbeid, grovfôr og beite

 

kr 1 068

 

*) Prisanslaget er inkludert grunntilskot og sesongtillegg. Prisanslaget er veldig usikkert fordi vi ikkje veit korleis prisløypa og engrosprisen blir. Skinnverdien kan og variere.  

Beitebasert oppdrett

raigrasDersom ein ynskjer å dyrke meir av fôret til lamma sjølv, er det godt mogleg å få god tilvekst på overskotslam dersom dei får tilgang på beite av god kvalitet. Raigras er eit kjempegodt beitegras til lam.

I eit feltforsøk gjort hjå fem saueprodusentar i Nord-Hedmark og Sør-Trøndelag, var medel tilvekst frå 265-330 g/dag på eit slik beite. Ca 8-10 vekes alder ser ut til å vera passande alder å venne lamma av med kraftfôr å gå over til berre beite. Vi understrekar enda ein gong at beitebasert oppdrett krev veldig god beitekvalitet.

Ein bør trappe ned kraftfôrrasjonen gradvis ved å gje kraftfôr morgon og kveld i ei vekes tid. Skal tilveksten bli god, bør ein gjennomføre skiftebeiting, beitepussing og gjødsling etter kvar avbeiting. Til gjengjeld slepp ein å fylle etter kraftfôrautomaten kvar dag og ein får redusert utgiftene til kraftfôr betydeleg fordi det er dei siste vekene før slakting lamma verkeleg et mykje kraftfôr dersom dei får det etter appetitt.

Eit alternativ kan også vera å gje avgrensa mengder kraftfôr for eksempel 0,2-0,3 kg 1 gong pr dag i tillegg til godt beite. Ein er da ikkje så sårbar for variasjon i beitekvaliteten.

Desse lamma bør også bli behandla mot koksidiose om lag 7 dagar etter beiteslepp og få vanleg behandling mot rundormar i samråd med veterinær.

Økonomi:
Føresetnader:
Leverer over 5000 kg sau/lam
Leverer i pulje på 130 stk og meir i lammering
Distriktstilskots sone 3

Fødselsdato

16.04.18

 

 

Fødselsvekt kg

4,5

 

 

Alder avvenning, dagar

30

Vekt avvenning, kg

16,50

Tilvekst før avvenning g/dag

400

Vekt v. slakting, kg

50,70

Kg mjølkeerstatning kg pr dag

0,4

Slaktevekt, kg

21,30

Kraftfôr før avvenning, kg pr dag

0,2

Slaktedato

07.09.18

Tilvekst etter avvenning g/dag

300

 

 

Kg kraftfôr pr dag e avvenning

0,2

 

 

Alder slakting, dager

144

 

 

Slakteprosent

42 %

 

 

 

   

Pris inkl sesong og grunntilskot

 

Slaktevekt, kg

21,3

kr 48,30*

kr 1 029

Stjernelam kr/kg

21,3

kr 2,50

kr 53

Gourmetlam kr/kg

21,3

kr 2,00

kr 43

Puljetillegg kr/stk

 

 

kr 50

Kvantumstillegg kr/kg

 

kr 1,70

kr 36

Lammeringstillegg kr/stk

 

 

kr 10

Ull, kg

1,3

kr 32,50

kr 42

RFID godtgjering kr/stk

 

 

kr 12

Slaktetilskot kr/stk

 

 

kr 500

Beitetilskot kr/stk

 

 

kr 59

Distriktstilskot kr/kg

 

4,95

kr 105

   

Inntekter

kr 1 940

 

   

Pris pr kg

 

Mjølkeerstatning, kg

12

32,50

kr 390

Kraftfôr, kg ( formel lam storsekk)

29

4,20

kr 121

Vaksine/parasittbehandling

 

 

kr 58

Strø

 

 

kr 40

   

Kostnader

kr 609

Til mjølkeutstyr, arbeid, grovfôr og beite

 

kr 1 331


*) Prisanslaget er inkludert grunntilskot og sesongtillegg. Prisanslaget er veldig usikkert fordi vi ikkje veit korleis prisløypa og engrosprisen blir. Skinnverdien kan og variere.

Avvenning av overskotslam ved slepp på utmarksbeite
Vi har også prøvd ut å la overskotslamma gå med søya og støttefôring med kraftfôr heilt til slepp på utmark. Dette fungerte også bra og er eit godt alternativ for den som har god fôring og gode vårbeite, men for dårlege sommarbeite til at søya kan gå med tre lam i utmarka. Båe forsøksrapportane er lagt ved denne artikkelen.

Overkotslam på raigrasbeite
Overkotslam på raigrasbeite
 

Bioforsk rapport 2009.pdf

Bioforsk rapport 2011.pdf