Aktuelt med grønfôrbeite av haustrug og raigras til overskotslamma i år?

(Sist oppdatert 03.03.21) Dersom du ynskjer lage eit tidleg grønfôrbeite til overskotslam, kan ei blanding av haustrug og italiensk raigras vera aktuell. Bruk 9-10 kg haustrug og 2-3 kg raigrasfrø pr dekar for å få passeleg mengde planter pr kvadratmeter.

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe

Behovet for beite vil vera lite i starten, difor vil ca 0,1-0,2 dekar pr lam vera nok i fyrste omgang. Da er mest mogleg av innmarka tilgjengeleg for tradisjonell vårbeiting.

I slutten av juni, etter at sauen er slept til utmarka, kan ein så ytterlegare 0,3 dekar pr overskotslam med grønfôrbeite. Rugen er smakeleg og kan vera beiteklar etter ca fire veker ved gode forhold. Ein har da rikeleg med beite til overskotslamma og sannsynlegvis også til sluttfôring av ein stor del av lamma som ikkje er slaktemogne ved sanking. Rugen buskar seg og kjem raskt etter avbeiting, men raigraset vil overta meir og meir utover sommaren og hausten.

Dersom ein ynskjer å så heile arealet om våren, bør ein del haustast og ensilerast i løpet av sommaren. Da må ein vera tidleg nok ute med haustinga, elles skyt rugen. Sauen vil da sortere den ut på fôrbrettet. Haustrug er forholdsvis dyrt såkorn. På areal som skal haustast og beitast om hausten, er det difor eit rimelegare alternativ å så havre og Italiensk raigras. 

I samband med slike grønfôrbeite bør det også vera tilgang på fiberrike kultur-og skogsbeite som lamma kan beite på for å regulere vomma og unngå blaut avføring. Her skal det også vera ly til lamma.

Gjødsling, stell og frøkostnad

Ved fyrste avbeiting bør plantehøgda vera ca 10-12 cm og ved seinare avbeiting ca 7 cm. Lamma bør sleppast på nytt skifte når beitehøgda er nede i ca 3 cm.

Det vil truleg passe med to til tre skifte i starten og gradvis utviding til fire til fem skifte. Gjødsling bør skje etter gjødselplanen, men som utgangspunkt kan ein rekne 5 kg N pr dekar dersom ein skal beite frå våren og 3 - 4 kg N pr dekar etter kvar avbeiting.

Skal ein hauste ei avling før beite, bør ein gjødsle med 10 kg N pr dekar. Ein bør pusse beitet etter kvar avbeiting for å behalde god beitekvalitet. Raigrasfrø kostar ca kr 32 pr kg og haustrug ca kr 9 kr/kg (prisen kan variere med fraktkostnad).  Frøkostnaden blir da bli ca kr 165 pr dekar.

Norsk Landbruksrådgiving sine råd om haustrug og raigrasbeite i blanding finn du her

Nortura Medlemssenter: 
Postboks 70, 2360 Rudshøgda
Telefon: 95 51 84 00 (ikke sms)   Faks: 73 56 49 01
Kontakt oss
Personvern
Webredaktør: Svein Bjarne Sommernes