Fôring og stell av produktive søyer rundt lamming

(Sist endret 23.02.18) Rett fôring og stell av produktive søyer er viktig både for å oppnå god tilvekst på lamma, lite lammetap og friske søyer. Sauekontrollen syner at vi i perioden 2000-2016 har hatt ein auke på 0,20 totalfødte lam (2,10 lam pr søye i 2016), medan ein i same perioden har hatt ein auke 0,06 lam om hausten (1,69 lam pr søye inkl. kopplam i 2016). Forsking syner at det er lam frå store kull som er mest utsette for å gå tapt.

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe

Her er nokre tips om fôring og stell av dei produktive søyene som får tre og fleire lam i høgdrektigheits- og lammingsperioden.

Høgdrektigheitsperioden
Det er i dei siste 6 - 8 vekene før lamming veksten av foster verkeleg byrjar å krevje energi og protein frå søya.

Høgdrektig søye i godt hold med mange foster
Høgdrektig søye i godt hold med mange foster

Tabell 1:
Energitrong til fosterproduksjon og vedlikehald i FEm pr dag ved ulik kullstorleik i høgdrektigheitsperioden for ei 90 kg`s søye

Kullstorleik

Fødselsvekt pr lam, kg

Veker før lamming

8-7

6-5

4-3

2-1

1

5-6

1,0

1,1

1,2

1,3

2

5-6

1,1

1,2

1,5

1,7

3

4-5

1,2

1,3

1,7

1,9


Fôropptaksforsøk gjort ved NMBU, Ås, syner at ei høgdrektig NKS søye har kapasitet til å ta opp ca 1,4 FEm grovfôr dersom ein haustar grovfôret ved byrjande skyting. Dette var finkutta surfôr av svært god gjæringskvalitet. Er surfôret hausta ved full skyting, kan ein rekna eit grovfôropptak på i overkant av 1 FEm. Resten av energitrongen må da bli dekt opp av kraftfôr. Er søya i godt hold, kan ho tære litt på holdet før lamming, dersom ein har problem med for store lam ved fødsel.

Produktive søyer med tre foster eller meir kan vera utsette for bukbrokk (vom i skinn) og skjedeframfall. Båe desse sjukdommane kjem av at vekta og presset av foster, fostervatn og fôr blir for stort. Søya vil ha frå 0,5-1,5 l væske pr foster og vekta av dette er det lite å gjera noko med. Fostervekta kan vi påverke med å la vera å dekke opp heile fôrbehovet til fostervekst i dei siste vekene før lamming. Søya vil da også tære på holdet og ein slik strategi krev difor at søya er i svært godt hold før høgdrektigheitsperioden tek til. Søya skal alltid vera i godt hold ved lamming.

Det som er enklast å gjera noko med, er vekta av fôret vi gjev søya. I det før nemnde fôringsforsøket gjort på NMBU, åt søyene i overkant av 2 kg grovfôrtørrstoff mot slutten av drektigheita. Tabell 2 syner forskjell i vekt på ein slik grovfôrrasjon med ulik tørrstoff % i grovfôret.

Tabell 2:
Vekt av 2 kg grovfôrtørrstoff med ulik tørrstoff %

Fôrslag

Tørrstoff %

Vekt

Nedgang i vekt i forhold til fuktig surfôr

Direkte hausta fuktig surfôr

18

11,1 kg

 

Fortørka surfôr

30

6,7 kg

- 4,4

Sterkt fortørka surfôr

45

4,4 kg

- 6,7

Høy

85

2,4 kg

- 8,7


Det er difor ein stor fordel om ein kan unngå å bruke fuktig surfôr til høgdrektige søyer med mange foster. Må ein bruke slik surfôr, bør ein ikkje gje dette etter appetitt, men heller auke kraftfôr-rasjonen for å dekke fôrtrongen. Gje grovfôret i minst to rasjonar, slik at ikkje søya et for mykje om gongen.

Andre viktige tiltak for å unngå "vom i skinn" og skjedeframfall er å unngå hard handtering og stress av søya og syte for at ho får god plass ved fôrkrybba (45 cm pr søye) utan at ho må kjempe for maten.

Søyer i god form er viktig!
Det er ekstra viktig at søyer med mange foster får god plass til å bevege seg i høgdrektigheitsperioden. Dei blir da i betre form og dette førebyggjer lammingsvansker. Har ein muligheit til å sleppe høgdrektige sauer ut på lufting, er dette veldig bra. Sola produserer D-vitamin som forbyggjer mjølkefeber. Dei fleste har noko ekstra areal tilgjengeleg til lammingsperioden. Vurder om det også er mogeleg å ta ibruk dette arealet i høgdrektigheitsperioden slik at alle søyer får betre plass.

Lammingsperioden
Lam frå store kull har ofte lågare fødselsvekt og mindre feittreserver enn større tvilling- og einstaka lam. Råmjølk er ei energibombe og full av antistoff, enzym og hormon som er livsviktige for lammet. Alle lam i kullet må difor sikrast ein god porsjon råmjølk så fort som råd etter fødselen. Dette er spesielt viktig i store kull der lammet som er født sist som regel får minst råmjølk. Det kan difor lønne seg å mjølke søya og gje kvar einskild lam ein porsjon råmjølk slik at ein er sikker på at alle får. Ein slepp da å vente å sjå om alle lam har får suge søya og ein sikrar seg at spenekanalane er opne. Bilete syner er ein rasjonell måte å ordne dette på. Eit 5 kg`s lam skal ha 0,7 – 1 liter råmjølk det fyrste døgeret.


Fôring med råmjølk til nyfødt lam

Små lam er ekstra utsette for nedkjøling pga mindre feittreserver og stor overflate i forhold til vekt. Sørg difor for tett, isolerande liggeunderlag og hjelp søya med å tørke lamma. Ei varmekasse med varmelampe kan redde mange lam dersom lamma likevel blir nedkjølte.

Ei søye som skal mjølke til tre eller fleire lam må halde seg frisk og ha god appetitt på både grovfôr og kraftfôr. Ein bør difor spare det beste grovfôret til lammingsperioden. Det er alltid viktig med god overgangsfôring ved skifte av fôr, og ein bør difor auke kraftfôrrasjonen gradvis (0,1 kg pr døgn). Søya skal ha tid til å kome seg att etter lamminga før ein aukar kraftfôrrasjonen. Vent difor ca eit døger før du startar opptrappinga av kraftfôrrasjonen.

Tabell 3:
Energibehov i FEm til vedlikehald og mjølkeproduksjon hjå ei 90 kg`s søye ved ulik kullstorleik og tilvekst på lamma.

Burd

Tilvekst pr lam pr dag

FEm pr dag

1

400

2,1

2

300

2,7

2

350

3,0

3

250

3,3

3

300

3,5


Fôringsforsøket ved UMB synte at ei søye etter lamming har kapasitet til å ta ca 2 FEm med godt kutta, velgjæra surfôr dersom graset blir hausta ved byrjande skyting eller før. Er søya i godt hold, kan søya mjølke ein del av holdet. Det er da spesielt viktig med nok protein i fôret. Skift difor over til eit proteinrikt kraftfôr i god tid før lamming. Det er viktig at søya ikkje blir tappa for alle reserver i lammingsperioden. Dette svekkar søya og gjer ho meir utsett for sjukdomar og parasittåtak. Mjølkeproduksjonen vil også gå ned, noko som lett fører til mastitt fordi svoltne lam herjar for mykje med juret. Ein bør difor rekna maks 0,4 FEm pr dag frå holdmobilisering. Ei høgtytande søye som skal få mykje kraftfôr, bør få maks 0,5 kg kraftfôr pr fôring for å unngå sur vomgjæring og appetittsvikt.

Det vil ofte vera aktuelt å støttefôre lam frå store kull med kraftfôr både inne og på vårbeite. Dette aukar vårtilveksten og skånar juret til søya. Det er da viktig å la lamma få tidleg tilgang på kraftfôr i eit lammegøyme inne. Dette framskundar også utviklinga av drøvtyggjarmagen.

Overgangen frå ein rasjon av grovfôr og kraftfôr eine dagen til berre vårbeite neste dag, gjev vomfloraen til søya liten tid til å omstille seg til å melte eit nytt fôrslag. For å unngå ein knekk i mjølkeproduksjonen i samband med beiteslepp, bør ein difor prøve å få til ei så god overgangsfôring som råd. Søyene bør difor vera mette av grovfôr når dei blir slepte på vårbeite. Prøv også å gjera overgangen så mjuk som mogleg ved å trappe ned kraftfôrrasjonen og gje tilgang på grovfôr i ei vekes tid på vårbeitet.

Lykke til med ei lammingstid med lite lammetap, friske søyer og god tilvekst på lamma!

Kjelder:

  • Helse og velferd hos sau, Landbruksforlaget 2008
  • Fôring av søyer rundt lamming: surfôr eller kraftfôr? Sau og geit nr 1 2010
  • Mindre lammetap, Tema-ark, Team sau Nortura 2013