Har du alt klart til lamminga?

(Sist endret 01.03.22) Lammingstida er ei travel tid som det er viktig å planleggja godt. Ein godt forberedt lammingssesong gir overskot til å berge fleire lam!

Fôring med flaske. Foto: Anita Jordalen
God hjelp til fôring. Foto: Kari Mørkve Jordalen

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe

I temaheftet "Mindre lammetap" har Team småfe laga fylgjande liste over det som må vera klart til ein travel lammingssesong.

Ordne i god tid før lamminga:

  • Ryddig og oversiktleg (system) i og rundt fjøs
  • Vaksinere sauene
  • Smittesluse med handvask, overtrekksklede og støvlar til veterinær og andre som skal inn i fjøset
  • Råmjølk i frysaren (frå sau året før og frå ku som reserve)
  • Øyremerke og tang
  • Framfallssele
  • Helsekort 

Ordne til lamming:

  • Nok folk (vaktlister)
  • Mobillader, powerbank, viktige telefonnummer (veterinær, Mattilsynet, osv.)
  • Nok grinder til å skilje frå søyer som skal lamme
  • Mogelegheit for lamma til å ligge på tett underlag
  • Lammingslister/noteringsbøker/app og lesestav
  • Til fødselshjelp:
    • Hansker, lange og korte
    • Glidemiddel
    • Såpe med lav pH til vask av søya
    • Bøtter
    • Reine tau/snører etc til fødselshjelp
  • Merkestifter
  • Godkjente middel til desinfeksjon og sårbehandling
  • Flasker med smokker til lamma
  • Lammesonder
  • System for å forhindre nedkjøling av lam og for oppvarming av nedkjølte lam
  • Evt. Utstyr til kopplamproduksjon (alt ein treng)

Har du alt dette på plass?

Mange av desse punktene er viktige heile året, men ekstra viktige i lamminga. Før du veit ordet av det, er lamminga i gang!