Betre økonomisk oversikt med ny rapport på Min Side
(30.06.25) Nortura jobbar stadig med å gjera Min side til eit betre verktøy for bonden. Denne sesongen lanserer Nortura Slakteanalyse småfe. Målet med rapporten er å gje betre og enklare oversikt over inntektene til småfe bonden. Rapporten gjev også nøkkeltal der ein måler eigne resultat mot middelet i Nortura, og eigne resultat mot tidlegare eigne resultat. Dette er rapporten for deg som ynskjer å fylgje med på korleis det går!

BILDE: Visning av rapporten Slakteanalyse på Min Side
Slakteanalyse småfe har med tal dyr levert i ulike kategoriar. Rapporten inneheld også gjennomsnitt slaktevekt, slakteklasse og feittgruppe. Du finn også kr betalt pr kg og pr dyr inkludert tilleggsytingar. Alle desse resultata blir samanlikna med middelet i Nortura.
Småfebonden produserer mange fellesgode som staten er viljug til å betale for i form av tilskot. Ein del av tilskota er pr kg slakt/ull eller pr slakta dyr, såkalla pristilskot. Nortura betaler ut desse tilskota på vegne av Staten. I Slakteanalyse småfe har vi også med pristilskota for å gje eit meir fullstendig bilete av inntektene med å vera småfebonde.
Tala i eksempelet her er frå ein småfebonde som hadde 134 para søyer i 2024. Han bur i distriktstilskotssone 2. Han er også med i lammering og får difor utbetalt høge tilleggsytingar for lamma sine:
- Han leverte 213 slaktelam med middel slaktevekt 20,9 kg
- Lamma fekk R+ i medel klasse og 2+ i medel feittgruppe
- Han fekk i snitt utbetalt kr 67,80 pr kg eller 1 419 pr lam frå Nortura inkludert tilleggsytingar. Det er kr 264,50 meir pr lam enn middelet i Nortura.
Noko av bakgrunnen for det er lam med høg slaktevekt og god slaktekvalitet - Nortura betalte i snitt ut kr 34,60 kr pr kg lam, eller kr 724,60 pr lam på vegne av Staten
- I sum fekk bonden utbetalt kr 102,40 pr kg lam eller kr 2 143,50 pr lam
- Totalt for småfeslakt levert i 2024, vart det utbetalt kr 418 783 frå Nortura og kr 286 406 i pristilskot frå Staten.
- For ulla fekk han i snitt kr 48,70 pr kg, kr 11 meir pr kg enn snittet i Nortura. Totalt fekk han ubetalt kr 46 197 for ulla han leverte i 2024.
Slakteanalyse småfe kan køyrast for heile år, eller delar av året ved å hake av dei vekene ein vil ha analysetal for. Slakteanalyse småfe inneheld også moglegheiter for å fylgje med på korleis slaktevekt, klasse og feittgruppe utviklar seg mot middelet hittil i år eller rullerande middel siste 12 månader. Ein kan også sjå på korleis slaktevekt, klasse og feitt utviklar seg samanlikna med ei tidlegare periode.
Vi håpar Slakteanalyse småfe blir eit nyttig verktøy for å få betre økonomisk oversikt. Gå inn på Min Side, Rapporter for rødt kjøtt, og sjekk di eiga Slakteanalyse og bruk den aktivt for enda betre drift!
Bruk Min side ved innmelding av slaktedyr
Det er mye informasjon som skal legges inn ved innmelding. Det kan være avtaler av ymse slag, ulike kategorier dyr og ikke minst, matkjedeinformasjon (MKI-avvik). For å lette jobben for lammeringlederne, er det lagt til rette for at det enkelte lammeringmedlem kan legge inn innmeldinga selv og sende til lammeringlederen.
Mange lammeringledere og medlemmer er godt i gang med å bruke Min Side, men vi ønsker at enda flere skal ta i bruk dette verktøyet. Det reduserer mulighetene for feil og sparer tid for bonden og Nortura.
Rutinen er slik:
- Lammeringlederen må klargjøre for innmelding ved å legge ut et «utkast» til innmelding til alle som er tilknyttet lammeringen ved å bruke «Planlegg slakt»-knappen. Han må da gi beskjed til sine medlemmer f.eks. med en SMS, at nå er det klart for innmelding
- Lammeringmedlemmene vil da finne «utkastet» hos seg. De kan nå registrere det de skal slakte, inkludert alle avtaler, skavanker osv (MKI-avvik). Dersom noen av medlemmene i ringen ikke skal melde inn dyr denne uka, avviser de sitt utkast. Leder vil da få beskjed om dette.
- Når dette er gjort, vil leder finne innmeldingene hos seg og kan i samråd med medlemmene i ringen gjøre endringer slik at innmeldingene passer til f.eks. pulje- eller bilstørrelse.
- Lammeringleder melder inn lasset til Nortura og lammeringmedlemmene finner igjen innmeldingen på sin Min Side.