(07.02.24) Du har kanskje noko slaktelam ståande på ekstensiv sluttfôring, eller ein del tomsau eller tomme påsettlam etter fosterteljinga, og lurar på om du skal slakte dei før eller etter teljedato 1. mars? Her er litt hjelp finne ut kva som vil lønne seg.
Av: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura
Tilskot for husdyr:
Sau/lam født året før eller tidlegare:
Tilskot til lammeslakt O+ og betre: kr 545 pr stk
Tilskotet blir ikkje utbetalt for lam født året før og som blir levert til slakteriet frå og med 1. mars eller seinare. Dette er gjort for at ein ikkje skal få utbetalt både dyretilskot og lammeslakttilskot på same dyret.
Teljinga 1. mars er også grunnlag for utbetaling av avløysartilskotet på kr 557 per sau/lam. Har du avløysar, så lyt ein også tenke på avløysartilskotet. Maksimalt avløysartilskot er kr 126 580. Dersom du har andre husdyrproduksjonar i tillegg til sau, lyt ein ta omsyn til desse også.
Tilskot avløysing (berre sau/lam)
Du har 227 og fleire sau/lam på fjøset den 1. mars:
Du har mellom 151 og 227 sau/lam i fjøset den 1. mars:
Du har mindre enn 151 sau/lam på fjøset 1. mars:
1-75 sau: | Gevinst med avløysartilskot: 1 967 |
Gevinst utan avløysartilskot: 1 410 | |
76-150 sau: | Gevinst med avløysartilskot: 1 487 |
Gevinst utan avløysartilskot: 930 |
Jo eldre eit lam blir, jo mindre lammepreg får dyret. Risikoen aukar difor for at lammet får andre kategoriar enn "lam" jo eldre dyret blir. Feitt-trekk kan også gjera at noko av gevinsten med utsett slakting går tapt. Teljesau skal ha fôring, stell og plass som også kostar pengar. Styresmaktene stiller også krav til god agronomisk praksis og godt dyrhald til alle som skal ta imot tilskot. Det aller viktigaste er:
Dyrevelferda til teljesau skal vera like god som til livsauen.