Teljedato og slakting før eller etter 1. mars?

(08.02.19) 1. mars er teljedato for produksjonstilskot og avløysartilskot, og vi får spørsmål om det løner seg å slakte lam før eller etter denne datoen.

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe

Fôringslam
 
Fylgjande reglar gjeld:

Tilskot for husdyr:

Sau/lam født året før eller tidlegare:

  • 1-126 stk: kr 868,- pr stk
  • 127 stk og meir: kr 194,- pr stk

Tilskot til lammeslakt O+ og betre: kr 450,- pr stk 
Tilskotet blir ikkje utbetalt for lam født året før og som blir levert til slakteriet frå og med 1. mars eller seinare. Dette er gjort for at ein ikkje skal få utbetalt både dyretilskot og lammeslakttilskot på same dyret. 

Teljinga 1. mars er også grunnlag for utbetaling av avløysartilskotet på kr 432,- per sau/lam. Brukast avløysar aktiv så lyt ein også tenke på avløysartilskotet:

Tilskot avløysing (berre sau/lam)

  • 1-182 stk: kr. 432,- pr stk
  • >182 stk: kr. 0,-

Maksimalt avløysartilskot er kr. 78.700,- og har ein andre husdyrproduksjonar i tillegg til sau, lyt ein ta omsyn til desse også.

Eksempel:

Du har 183 og fleire sau/lam på fjøset den 1. mars:

  • Da vil det lønne seg  å slakte lammet før 1. mars, så sant dyret får kategorien lam og klasse O+ eller betre. Gevinst: kr 256,- 

Du har mellom 127 og 182 sau/lam i fjøset den 1 mars:

  • Da må du vurdere om du kan gjere deg nytte av avløysartilskotet på kr 432,- per stk. Ein lyt hugsa at andre husdyrproduksjonar er med og tel, slik at maks avløysartilskott er kr. 78.700,- inkludert alle produksjonar. Om avløysartilskottet ikkje kan nyttast, er gevinsten kr. 256,-, jamfør dømet over.

Du har mindre enn 127 sau/lam på fjøset 1. mars:

  • Da kan det lønne seg å slakte dyret 1. mars eller seinare. Hovudregelen er at dyr født året før, blir kategorisert som lam heilt fram til 15. april. Gevinst kr 418,- utan avløysartilskot og kr. 850,- med avløysartilskott.

Andre vurderingar ein må gjera når det gjeld slaktetidspunkt:

  • Jo eldre eit lam blir, jo mindre lammepreg får dyret. Risikoen aukar difor for at lammet får andre kategoriar enn "lam" jo eldre dyret blir. Feitt-trekk kan også gjera at noko av gevinsten med utsett slakting går tapt. 

Søknadsfrist for husdyrtilskot er 15. mars.