Meld frå om akutt luftvegssjukdom

(07.02.23) Alle slakteria i Rogaland har gått saman om prosjektet Små-i-Ro der målet er å betre helsa på grisen. Eit viktig tiltak er å kartlegge kva type APP-bakterie som finst der ute.

Gris i bingen

Ulike APP-bakterietyper har nemleg ulike evne til å gje sjukdom. Typing av APP-bakterie skjer ved at ein tek ut ei svaberprøve frå lunge av sjølvdød eller avliva gris som så blir dyrka og seinare DNA-sekvensert.

Prøveuttak og analyse er gratis for deg som svineprodusent.  

Her kan du lesa meir om prosjektet Små-i-Ro

Hjelp oss med å kartlegge ein viktig årsak til sjukdom, redusert tilvekst og auka fôrforbruk ved å melde frå til slakteriet ditt om lungesjukdom. 

Kontakt din rådgjevar på gris i Nortura