Økonomi med sluttfôring av lam

(01.07.21) Kva økonomi er det i å ha et gjennomtenkt og godt opplegg for sluttfôring av lam?

Lam på beite. Foto: Linn Hege Engen, Nortura

På Medlemsportalen under «småfe» og «beregningskalkulatorer» kan du laste ned regnearka: «Nortura Sauefôring» og «Slakteoppgjers kalkulatoren 2021». Vi har brukt disse verktøya for å rekne på kva ein har att for å sluttfôre eit lam på 35 kg levandevekt (14 kg slaktevekt kl O+) sanka 1. september til eit 45 kg’s lam (19 kg slaktevekt kl R). Fôret vi har rekna på er:

  1. Gjenvekst av eng (håbeite),
  2. Raigrasgjenvekst+ håbeite
  3. Håbeite + Formel lam.

Vi reknar med at bruket leverer minst 5 tonn sau- og lammeslakt, ligg i distriktstilskotssone 2, er medlem i lammering og at lamma blir levert i pulje på 210 dyr og meir. Reknestykket inkluderer tilskot frå staten som blir utbetalt av Nortura: Grunn- og distriktstilskot og slakte tilskot. Vi sette også ein sannsynleg foreiningspris på dei ulike fôrtypene, men dette vil sjølvsagt variere frå bruk til bruk.

Dette syner fyrst og fremst, med føresetnadene i dette eksempelet, at ein har att godt over 200 kr pr lam med å sluttfôre. Så må kvar enkelt finne ut kva sluttfôringsmetode som passar best. I tillegg har sauebonden produsert eit slaktelam som Nortura kan foredle til meir lønsame produkt som til dømes pinnekjøtt. Dersom lammet står i fare for å miste grunntilskotet (under 13 kg slaktevekt) og slaktetilskotet (kl O+ og betre), så blir sluttfôringa enda meir lønsam.

Økonomi med å sluttfôre eit 35 kg’s slaktelam
Sluttfôring Sannsynleg tilvekt g/dag Fôrforbruk FEm pr lam Pris kr pr FEm Sluttfôrings-kostnad, kr Startverdi 1. sept. O+ lam 14 kg slaktevekt Tal slutt-fôringsdagar Sluttverdi R lam 19 kg slaktevekt Verdiauke Verdiauke minus sluttfôrings-kostnad
Gjenvekst av eng (håbeite) 200 50 1,35 68 Kr 1 313 49 Kr 1600 Kr 287 Kr 219
Gjenvekst av raigras/ håbeite 400 40 1,80 72 Kr 1 313 28 Kr 1653 Kr 340 Kr 268
Håbeite 400 15 1,35 130 Kr 1 313 28 Kr 1653 Kr 340 Kr 210