Buskerud på Stjernelam-toppen og Innlandet på Gourmetlam-toppen

(18.12.25) Da er dei siste av sau og lam slakta i 2025 i Nortura. I vekene 46-49 (10. november til 7. desember) vart det slakta 29 870 lam i Nortura med medel slaktevekt 16,7 kg.

Lam i haustfjellet. Foto: Linn Hege Engen, Nortura

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe

Medel klasse var R/R- (7,5) og medel feittgruppe 2/2+ (5,3). 65 % av lamma gjorde seg fortent til Stjernlam-tillegg, nesten 2 % fleire enn i same periode i fjor.

Det kjem inn ein del lette lam mot slutten av slaktesesongen. Det som er positivt er at det er langt færre av dei dette året. Eit godt beiteår og endringane Nortura gjorde på prising av lam, ser difor ut til å hatt positiv effekt.

Nortura er godt fornøgd med det meste i årets slaktesesong. Nortura-sauebonden har levert lam med flott kvalitet, 19,13 kg i medel slaktevekt, 82 % Stjernelam og 61 % Gourmetlam er veldig bra og ein god framgang frå 2024. Dette er også viktig for slakteøkonomien og gode råvarer til både eigen industri og industrikundar.

Tilførselskurva var også jamn med slakting av mellom 50- og 60 000 lam kvar veke i den mest hektiske sesongen.

Nortura har også slakta i underkant av 70 000 sau og ung sau i vekene 27-49. Tilførselskurva viser at Nortura-sauebonden fylgjer med på prisløypa på sau og tilpassar leveringa etter det. Da kan fabrikkane konsentrere seg om å få mest mogleg lam ut i marknaden i den hektiske salssesongen om hausten.

Da er tida inne for å kåre sesongens Stjerne- og Gourmetlamtopp-vinnarar. Sesongens Stjernelam-topp fylke vart Buskerud med 90,2 % Stjernelam. På dei neste plassane fylgjer Innlandet og Troms med 89,4 og 87,8 % Stjernelam. Det var hard kamp om bronseplassen da både Telemark og Agder også låg på vel 87 % Stjernelam.

Sesongens Gourmetlamtopp-fylke vart Innlandet med 71,7 % Gourmetlam. På dei neste plassane fylgjer Telemark og Buskerud med 70,2 og 68,1 % Gourmetlam. Vi gratulerer med dei gjeve titlane!

Statistikk graf Nortura

Graf veke 27 - 49

Statistikk tal Nortura

Statistikk total