Framleis stor etterspørsel etter lam

(05.11.24) Den siste heile veka av oktober er inne i slaktestatistikken. Da slakta Nortura 43 500 lam med medel slaktevekt 17,2 kg, medel klasse R/R- (7,7) og medel feittgruppe 2+/2 (5,5).

Lam i fjellet. Foto: Grethe Ringdal, Nortura

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe

Slaktinga nå er litt større enn på same tid i fjor, og vi knappar difor inn på fjoråret på slutten av slaktesesongen.

Vi er nå i gang med veke 45. Innmeldinga gjekk noko ned da vi nå er inne i fyrste veka utan Gourmetlam-tillegg. Det er innmeldt ca 17 900 lam og 5000 sau. Alt av lam går ut, men det er planlagt med reguleringslagring av ca 2000 sau.

Statistikk graf Nortura

Graf slaktestatistikk lam i Nortura

Statistikk tal Nortura

Statistikk total