Agder på Stjernelam-toppen og Innlandet på Gourmetlam-toppen
(05.01.23) Da er dei siste fem vekene av sesongen 2023 48-52 kome inn i slaktestatistikken. I desse vekene slakta Nortura 12 100 lam med medel slaktevekt 16,7 kg, medel klasse R/R- (7,7) og medel feittgruppe 2/2+ (5,6).
![Sanking av lam. Foto: Linn Hege Engen, Nortura Sanking av lam. Foto: Linn Hege Engen, Nortura](https://medlem.nortura.no/getfile.php/13438283-1694677203/Nortura%20Medlem/medlem.gilde.no/Bildearkiv/DYR/Sau/lammesesong%202023/lammesesong%20statistikk.jpg%20%28medlem_article_fullwidth%29.jpg)
Dette var stor nok slakting til å dekke marknaden for ferske lam med den etterspørselen som er nå, og ca 3000 av desse lamma gjekk inn på reguleringslager. 89 % av lamma fekk utbetalt Stjernelamtillegg, så det er slettes ikkje verst!
Da er det på tide å kåre kva slags fylke som blir sesongens Stjerne- og Gourmetlam-fylke. Agder vart som så mange gonger før, sesongens Stjernelam-topp med 94,9 % Stjernelam. Innlandet fylgjer på sylvplass med 94,4 % Stjernelam og Viken på bronseplass med 94,3 % Stjernelam.
På Gourmetlam-toppen tronar Innlandet med 67,9 % Gourmetlam. Viken og Agder fylgjer på dei neste plassane med 65,2 og 65,1 % Gourmetlam. Vi gratulerer spesielt desse fylka, men det grunn til å gratulere alle fylka med god slaktekvalitet i ein utfordrande beitesesong.
Statistikk graf
Statistikk tal
- Oversikt veke 27 - 52, pdf.
- Oversikt veke 27 - 49, pdf.
- Oversikt veke 27 - 47, pdf.
- Oversikt veke 27 - 45, pdf.
- Oversikt veke 27 - 43, pdf.
- Oversikt veke 27 - 42, pdf.
- Oversikt veke 27 - 41, pdf.
- Oversikt veke 27 - 40, pdf.
- Oversikt veke 27 - 39, pdf.
- Oversikt veke 27 - 38, pdf.
- Oversikt veke 27 - 37, pdf.
- Oversikt veke 27 - 36, pdf.
- Oversikt veke 27 - 35, pdf.
Animalia: Slaktestatistikk - småfe (ekstern lenke)