Flytting og opplasting av sau

(21.08.07) God tilrettelegging ved flytting og opplasting av sau er viktig.Dette sikrar dyrevenleg behandling av dyra og rasjonelt arbeid for bonde og transportør. Tid er pengar også for sauebonden ! Her får du tips og råd om korleis du skal få til rasjonell flytting og opplasting av sau

Av: Finn Avdem, fagsjef

Adferden til sauen

Ved handtering av dyr er det viktig å utnytte dyra sine naturlege eigenskapar. Fire faktorar er viktige for korleis sauen oppfører seg:

  1. Sauen vil gå i flokk
  2. Sauen ynskjer å fylgje etter andre sauer
  3. Sauen har godt syn
  4. Sauen er intelligent

Sauen vil gå i flokk

I vill tilstand vil søyer naturleg gå i store grupper i avgrensa område. Verlamma forlet søyeflokken ca ved 1 års alder og slår seg saman i små grupper på 2 og 3 verar som streifar frå søyeflokk til søyeflokk i paringstida. Sjølv om denne naturlege oppførselen hjå sauen blir forstyrra av oss menneske, ser vi at sauen har flokk-instinktet i behald. Spælsauen har sterkast flokkinstinkt og er av den grunn vanskelegast å flytte dersom dei kjenner seg utrygge. Innanfor flokken lagar søyene sin eigen rangordning og sosiale organisasjon. Søyene har også gruppeidentitet til sin eigen flokk.

Sauen ynskjer å fylgje andre sauer

Heilt frå fødselen har lammet ein naturleg trong til å fylgje etter mora. Denne trongen beheld sauen heile livet. Andre gjeremål som beiting, drikking, kvile og drøvtygging vil også sauen helst gjera samstundes. Ein kan likevel finne einskilde "leder -sauer" som er meir uavhengig av kva resten av flokken gjer. Desse kan bli trena til å lede flokken.

Sauen ser godt

Sauen har svært godt syn, utvikla for å kunne oppdaga rovdyr på lang avstand. Sauen har også eit godt djupnesyn og eit visst fargesyn.

Sauen er intelligent

Sauen kan læra forholdsvis fort, særleg dersom ein tilbyr mat som belønning. Opplæringa går enda raskare dersom ein kombinerer mat med eit lydsignal. Sauen har godt både kort- og langtidsminne.

Desse eigenskapane til sauen kan ein utnytte når ein skal lage gode løysingar i samband med opplasting og transport av sau.

Tilkomst til garden

Dyrebilen må ha lett tilgjenge til opplastingsplassen. Det bør vera lett å snu og rigge seg på plass. Dersom det ikkje er mogleg for dyrebilen å koma til garden, må sauen bli levert frå hengar ved næraste veg.


Levering av sau ved veg

Klargjering av sauen

Meld inn rett tal vaksne dyr og rett tal lam til slakteriet. Meld også frå om sauen er klipt eller ikkje. Dette er viktig for at lastekapasiteten til dyrebilen skal bli utnytta og at slakteriet skal kunne planleggje klipping, slakting og vidare foredling og sal av sau- og lammekjøtt.

Sauene skal stå i same fjøs sortert i eigne bingar. Døra ut av bingen bør vera i eit hjørne. Den vil da vera enklare å finne for sauen. Sørg for at alle sauene er merka i samsvar med merkeforskriftene og at merkene er lesbare. Særleg ved levering av sau om vinteren, kan det vera eit stort problem med mykje møkk på merka slik at dei må bli vaska reine før ein leverer dyra. Rett og godt lesbar merking er viktig for at rask og effektiv slakting og at bonden skal få rett slakteoppgjer! Det må leggast til rette for at dyra kan telljast i samband med opplastinga. Enten må dyra stå i enkeltbingar i høveleg store flokkar, ca. 20 dyr, eller passere gjennom ei renne eller ein port fram til dyrebilen. Dyreeigar og dyrebilsjåføren skal vera samde om tal dyr levert før dyrebilen forlet garden.

Opplasting

Det skal alltid vera minst ein person til stades på garden ved opplastinga, enten dyreeigar eller ein som representerar dyreeigar. Av smitteomsyn bør ikkje dyrebilsjåføren inn i fjøset å hente dyr.

I tida før og etter sesongen er det mange små leveransar av sau. Det er da rasjonelt at fleire sauebønder samarbeider om samlasting. Dette kan gjerast ved å samle saman sau i ein "samlefjøs". Ein har også eksempel på at fleire sauebønder samarbeider om ein felles opplastingsplass frå eigne tilhengarar, eller felles tilhengar med fleire rom. Slike tilhengarar blir ofte brukt ved transport til og frå sommarbeite, og ved felles levering av dyr utanom sesong.

Sauen skal ikkje bli dregen etter hovud eller ull, men jagast på bilen. Opplastingen skal skje med minst mogleg stress for dyr og folk. Lag difor ein grei drivgang av solide grinder utan moglegheiter for rømming. Sauen skal skjøna at einaste vegen ut er mot dyrebilen. I drivgangen bør ein ha nokre ekstra grinder som ein kan slå igjen etter som sauen blir driven framover. Sauene får da ikkje høve til å snu. I drivgangen bør det vera minst mogleg med hindringar, rot og lause ting, lys/skygge, glatte golv osv slik at sauen ikkje stoppar opp, men går rett på bilen.


Skarpt lys fører til at sauen stoppar opp!

Dersom ein har ei lita platting utanfor fjøsdøra som dyrebilen kan rygge inntil og leggje lastelemmen på, vil stigninga inn på bilen ikkje bli så bratt og opplastingen vil gå lettare


Rydding av drivgang er viktig!


 


Eksempel på opplastingsramper

Dersom det ikkje er mogleg å komme heilt inntil fjøsdøra med dyrebilen, må en lage ein drivgang også ute. Sauen skal uansett bli jaga inn på bilen !


Eksempel på drivgang ute. Her burde elektrisk-gjerdet vore bytta ut med ei solid grind !

Opplastings-leider

Eit godt hjelpemiddel for rasjonell opplasting av sau og lam er å lage seg ein enkel opplastingsleider. Sauebonde Kjell Ole Fønstelien frå Uvdal i Buskerud har gode erfaringar med dette (Sjå bileta nedanfor). Leideren kan ein laga i tre eller andre materiale. Lengda avheng av høgda på bilen/tilhengaren, men 3,5 – 4 m bør vera tilstrekkeleg. Breidda må vera så smal at sauen ikkje greier å snu, ca 45-50 cm. Sideveggane må vera så høge at sauen ikkje greier å hoppe over, 70-90 cm. Dei bør også vera så tette som mogleg utan at leideren blir for tung. Botn kan bestå av tverrgåande spalteplankar med 1,5-2 cm mellomrom, eventuelt tett golv med tverrlister slik at sauen ikkje sklir. Bruk uhøvla materiale. Bære-bjelkane bør vera av 1,5" x 5" tommers materiale med tverrbord som støtte (sjå figur og bilete).


Opplasting av vaksen sau på lastebil

Opplasting av lam på bilhengar. Desse lamma hadde aldri gått leideren før !

INVESTER LITT TID OG PENGAR I Å TILRETTELEGGJE FOR RASJONELL OPPLASTING AV SAU. DETTE VIL SPARE DEG FOR TID, KREFTER OG PENGAR I FRAMTIDA!