Planlegg avslutning av slaktesesongen
(21.10.25) Veke 41 (6. - 12. oktober) er inne i slaktestatistikken. I denne veka slakta Nortura 48 600 lam med middel slaktevekt 18,5 kg. Medel slaktevekt er på veg nedover nå, men dette er likevel 0,8 kg tyngre lam enn same veke i 2024.

Medel klasse låg på R (8,0), 0,2 over fjoråret og medel feittgruppe på 2+/2 (5,5) 0,2 under fjoråret. Både for klasse og feitt, er forskjellen mot fjoråret veldig stabil.
Vi er nå midt i saueslaktesesongen. Veka vi nå er i gang med, veke 43 (20. - 26. oktober) blir nok ei stor småfe-slakteveke i Nortura. Det er planlagt å slakte vel 10 000 sau og 40 700 lam. Nortura-lamma er framleis populære, og alt av lam går difor rett til eiga skjering og til industrikundar. Det er planlagt med litt reguleringslagring av sau.
Tru det eller ei; vi byrjar å nærme oss slutten på slaktesesongen 2025. Ein stor del av dei som jobbar på slakteria med slakting og skjering av sau og lam, er sesongarbeidarar som skal heim i god tid før jul. Nortura har difor som mål å avslutte småfeslaktinga i veke 48 (24. - 30. november).
Alt av småfe som skal slaktast i 2025 bør difor vera innmeldt seinast tysdag 18. november kl. 08.00, slik vi informerte om i årets Lammesesonghefte. Det er difor viktig å planlegge sluttfôringa godt, slik at alle lam som er planlagt slakta dette året, er klare til veke 48.
Dei fleste Nortura-slakteria vil vera i gang att med småfeslakting i veke 2.
Statistikk graf Nortura
Statistikk tal Nortura
- Tabell med slaktestatistikk veke 27 - 41, pdf. 252 kb
- Tabell med slaktestatistikk veke 27 - 40, pdf. 252 kb
- Tabell med slaktestatistikk veke 27 - 39, pdf. 448 kb
- Tabell med slaktestatistikk veke 27 - 38, pdf. 252 kb
- Tabell med slaktestatistikk veke 27 - 37, pdf. 252 kb
- Tabell med slaktestatistikk veke 27 - 36, pdf. 253 kb
- Tabell med slaktestatistikk veke 27 - 35, pdf. 414 kb
Statistikk total
- Animalia: Slaktestatistikk - småfe (ekstern lenke)