God kvalitet, men nedgang i tilførslar av både sau og lam

(20.01.20) Året 2019 er historie og det er på tide med ei oppsummering både når det gjeld tilførslar og sal av sau og lam i Nortura.

Bilde fra Lammesesongen 2019, foto Jordalen.

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura

Totalt slakta Nortura om lag 690 000 lam med medel slaktevekt 18,8 kg, medel klasse R (8,0) medel feittgruppe 2+ (5,8). Dette er ein nedgang på 7 % eller ca 54 000 lam i høve til 2018. Nedgangen i lammeslaktinga er som forventa, sidan statistikk frå Landbruksdirektoratet viser at det vart sleppt 7,1 % færre sau på beite i 2019.

Nedgangen kjem også av at det var slakta 12 000 færre lam i fyrste halvår i 2019 i forhold til i 2018. 82,5 % av lamma heldt Stjernelam-kvalitet. Dette er ein fin auke på 4,1 % og kjem av at Nortura-sauebonden har produsert litt tyngre lam med mindre feitt i 2019 enn i 2018. Det betyr at ein større andel av lamma held kvaliteten som trengst til m.a. pinnekjøttråstoff. Veldig bra!

Sjå statistikken frå lammesesongen 2019

Slaktestatistikken til Animalia syner at lam levert til Nortura i 2019 i medel er 0,8 kg tyngre enn lam levert til andre slakteri. Medel klasse ligg også litt over, medan medel feittgruppe ligg under. Dette tyder på at mange Nortura-sauebønder er flinke til å produsere kvalitetslam ned god tilvekst. Takk for det!

Tilførslane av sau gjekk ned med heile 24 % i 2019. Stor slakting av sau i 2018 og at fleire ynskjer å slakte sau etter teljedatoen 1. mars dette året, kan forklare nedgangen. Mange fylgjer også oppfordringa til Nortura Totalmarked om å vera meir kritisk når ein utrangerer søyer, slik at påsettet kan bli litt mindre.

Buskerud og Rogaland deler Stjernelam-toppen sesongen 2019
Etter kvar lammesesong har vi i Nortura ei uhøgtidleg kåring av årets Stjernelam-fylke. I fjorårets slaktesesong vart det så jamt mellom Buskerud og Rogaland at ikkje ein gong ein gong målfoto greidde å skilje desse fylka. Båe enda opp med 88 % Stjernelam. Det vart difor delt fyrsteplass også denne sesongen, som i 2018 da Agder-fylka delte 1. plassen.

På 3. plass kom Aust-Agder med 87,6 % Stjernelam.

Imponerande resultat og vi gratulerer!

Nedgang i salet av lam, oppgang i salet av sau
Når vi summerer opp salet i alle salskanalar, inkludert sal av heilt slakt frå reguleringslager og eksport, så har Nortura seld omtrent like mykje i 2019 som i 2018, ca 14 000 tonn skåret vare og heilt slakt. Sal frå reguleringslager med betydeleg frysefrådrag (rabatt), eksport av 582 tonn og auka fokus etter programmet "Matsjokket" på NRK, har ført til ein betydeleg salsvekst av sau på ca 1 400 tonn. Dessverre er salsnedgangen på lam omtrent tilsvarande stor.

Hovudutfordringa ved inngangen av 2020 er difor eit reguleringslager på 2 891 tonn med lam. Reguleringslageret av sau er så godt som borte.  

Tabell 1. Reguleringslager av sau og lam ved utgangen av 2019.

 

2019

2018

Differanse

Sau

26

1 643

-1 617

Lam

2 891

1 394

1 497

I alt

2 917

3 037

-120


Nortura har difor ein jobb å gjera også i 2020 med å ha stort salstrykk på lam, samstundes som ein ikkje må miste det positive løftet ein har fått på sau. Salsfolka i Nortura jobbar difor for fullt med å få hylleplass for både for nye og etablerte produkt av sau og lam som skal løfte salet fram mot ny lammesesong.

Sal av sau og lam frå Medlemsbutikkane
På slutten av fjoråret gjekk Nortura ut med tilbod om medlemskjøp av sau til engrospris, etter initiativ frå Norsk Sau og Geit. Salsstatistikken syner at det vart seld ca 8 tonn halv- og grovstykka sau frå medlemsbutikkane i 2019. Det meste av salet skjedde etter at Nortura gjekk ut med dette tilbodet, så responsen var god. Alle monner drar!

Tilbodet vil gjelde også framover, men for Medlemsbutikkane er det enklare med kjøp av ferdige produkt av både sau og lam. Dei kjem difor til å ha eit godt utval av ferdige lamme- og saueprodukt i medlemsbutikkane framover.

Ta ein telefon og spør om kva som finst, og kva som kan skaffast dersom du har tenkt deg ein tur på Medlemsbutikken!