Nå startar fårikålkampanjene!

(20.09.21) Da er ei av sesongens store slakteveker kome inn i statistikken. I veke 36 (6. - 12. september) slakta Nortura 59 000 lam med medel slaktevekt 20,3 kg, medel klasse R+/R (8,5) og medel feittgruppe 2+ (5,7).

Sau med lam på skogsbeite. Foto: Linn Hege Engen, Nortura

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura

Kvaliteten er veldig lik veke 37 i 2020, litt mindre feitt, men likevel minst like god klasse. Det tyder på god kjøttfylde, for ein bedømmer jo både kjøtt og feitt når ein set klassen. Både Stjerne- og Gourmetlam-prosenten ligg ein prosent over fjoråret hittil i sesongen. Veldig bra!

Nortura har nå avslutta veke 37, i denne veka steig slaktinga til ca 67 400 lam. Fårikålkampanjane startar for fullt denne veka. Det betyr at det er fullt trykk på produksjon av fårikålkjøtt nå. Alle skal jo ha råvarer til nasjonalretten vår. Vi har hatt god marknadsbalanse alle veker hittil i sesongen. Det same gjeld også denne veka.

I veke 38 (20. - 26. september) er planen å slakte vel 68 000 sau/lam. Berre 1800 av dette er sau. Marknadsdekninga ligg rundt 100. Det betyr at både Nortura og industrikundane får det som dei ynskjer av lam.

Konklusjon: Nortura-sauebonden leverer!

Statistikk

Graf - statistikk så langt i år

Oversikt veke 26 - 36, pdf. 414 kb

Oversikt veke 26 - 35, pdf. 414 kb

Oversikt veke 26 - 34, pdf. 413 kb

Statistikk frå Animalia (ekstern lenke)

Relatert informasjon

Relatert informasjon (ekstern)