Nortura sauefôring
(Sist endret 20.04.26) Fôrplanleggingsverktøyet Nortura Sauefôring er lagt ut i ny versjon, med større moglegheiter for å legge inn fôrbehov til holdoppbygging (byggje feittreserver) i lavdrektigheits-perioden. Det er også mogeleg å leggje inn holdmobilisering siste to veker før lamming.

Nortura sauefôring tek utgangspunkt i at grovfôret blir tildelt etter appetitt. Ved appetittfôring så er det NDF (fiber)-kapasiteten til dyret og NDF og FEm-innhaldet i fôret som styrer grovfôropptaket.
Kapasiteten til å ta opp NDF varierer med haustetidspunktet pga at NDF blir seinare brote ned i vomma jo seinare grovfôret er hausta. NDF kapasiteten til søya er også større etter lamming enn før lamming fordi fostera ikkje lenger tek plass. Vi tek også omsyn til at NDF-kapasiteten går ned før lamming pga at fostera tek meir plass. Opptaket pr kg levandevekt blir berekna når du legg inn grovfôrkvalitetstal (berekninga blir styrt av FEm/kg TS (tørrstoff) og NDF/kg TS).
Det er mogleg å korrigere det berekna fôropptaket ved hjelp av korrigeringsfaktoren.
Vi har også med ein tabell med næringsinnhaldet i ein del spesialfôr frå kraftfôrleverandørane. Desse kan du bruke dersom grovfôret inneheld for lite fiber (NDF) eller protein (PBV eller AAT).
Fôrbehovet er berekna slik gjennom ein innefôringssesong:
- Lavdrektighet: Vedlikehald + holdoppbygging
- Høgdrektighet: Vedlikehald + fostervekt
- Etter lamming: Vedlikehald + mjølkeproduksjon
Nortura sauefôring 2026, xls, 1,5 MB
Berre ta kontakt med Finn Avdem, tlf. 971 77 659, eller på e-post om de lurer på noko.
