Gode råd for å få påsettlamma drektige

(16.10.24) Rådgjevarane i Nortura får av og til spørsmål frå produsentar som har utfordringar med å få påsettlamma drektige. Vi har difor samla ein del råd frå produsentar som har gode resultat på dette. Vi har også gjort eit feltforsøk i samarbeid med NMBU og ein masterstudent der vi har prøvd ut to ulike kraftfôrnivå frå innsett til paringa er over, for å sjå om dette har innverknad på andelen tomme påsettlam.

Fine påsettlam, klare til å produsere lam som åringar (Foto: Martin Opheim Gløersen)

Fine påsettlam, klare til å produsere lam som åringar (Foto: Martin Opheim Gløersen)

Av: Rådgjevar i NLR, tidlegare masterstudent NMBU og sauebonde Sondre Lauareid Hovda og fagsjef småfe i Nortura, Finn Avdem

Kva kjenneteiknar brunsten hjå påsettlam?

Både alder og vekt bestemmer når eit påsettlam kjem i brunst. Teorien seier at påsettlamma kjem i brunst ved ca 65 % av framtidig vaksenvekt. Ut frå slaktestatistikken og omrekning til levandevekt, veg ei medels norsk søye mellom 75 og 80 kg. Dersom teorien stemmer, vil eit medels påsettlam koma i brunst ved ca 50 kg.

Godt hold er også viktig for at påsettlamma skal bli brunstige. Påsettlamma har også ofte kortare brunst og er mindre pågåande  på vêren enn dei  vaksne søyene. Dei har også færre brunstar. Dei yngste søyene er nedst på rangstigen i søyeflokken, og eldre dominante søyer kan undertrykke brunsten hjå påsettlamma.

Fjøs og oppstalling av påsettlamma

Det er synkande daglengde som gjer at søyene blir brunstige. Difor er det generelt viktig med mykje naturleg ljos  i sauefjøset for at søyene skal koma i syklus. Dette gjeld også påsettlamma.

Påsettlamma bør stå i bingar i utkanten av sauefjøset. Da vil dei eldre dominante søyene i nabobingane i mindre grad undertrykke brunsten hjå påsettlamma. Ein bør heller ikkje ha for store grupper med påsettlam, og ein bør ha god plass i bingen. Da er det enklare for vêren å finne beskjedne påsettlam med svak brunst.

Rutinar rundt paring og type vêr

Mange har gode erfaringer med å bruke eldre, vêrar til å bedekke påsettlamma. Dei er ofte flinkare til å leite opp brunstige påsettlam og framkallar sterkare brunst. Når du går rundt med vêren i samband med paring, er det viktig å ha god tid og godt tolmod.

Ei anna løysing er sjølvsagt å la vêren gå saman med påsettlam-flokken. Da er det viktig å sjekke omløp og at vêren har fungert!

Dersom ein har mange store, fine påsettlam som ikkje syner brunst, så kan ein årsak vera at dei er ferdig med brunstperioden når paringa startar. Da er det sjølvsagt verd å prøve å starte tidlegare med å gå med vêren.

Fôring og tilvekst

For å kartlegge kor stort problemet med tomme påsettlam er, og om dette kan ha samanheng med fôring og tilvekst, fekk vi laga noko statistikk med data frå Sauekontrollen. Her plukka vi ut påsettlam med registrering for  både fosterteljing og haustvekt. Resultatet viser at 15 % av desse  påsettlamma var tomme.

Vi grupperte så påsettlamma i vektgrupper på fem kg frå 35 kg og oppover. Det var ein klar tendens at jo tyngre påsettlamma var ved haustveging, jo mindre andel  var tomme.

Tabell: % tomme påsettlam av NKS med både fosterteljing og haustvekt 2022 og 2023

Vi ynskte vidare å prøve ut om ein også kan påverke andelen tomme påsettlam med fôringa frå innsett til paringa var ferdig. Ut frå dette var det satt i gang eit feltforsøk hausten 2023 i regi av Nortura, Animalia og masterstudent Sondre. Med oss fekk vi sju produsentar og til saman 232 søyelam av rasen Norsk kvit sau.

Gjennomføring av forsøket

Påsettlamma vart fordelt i to grupper hjå kvar produsent. Ei gruppe var fôra etter dagens tilråding på omlag 1 FEm per dyr (kalla "norm"), medan den andre gruppa låg omlag 0,3 FEm høgare (kalla "over norm"). Lamma var jamt fordelt etter vekt i kvar gruppe.

Vekta til alle lamma var registrert ved innsett, og ei ny etter paring, for å kunne måle tilveksten i forsøksperioden. Påsettlamma fekk fri tilgang på grovfôr, og grovfôropptaket vart berekna ut frå grovfôranalysar. Skilnaden i det forventa grovfôropptaket og lamma sitt fôrbehov vart gjeve som kraftfôr. Kraftfôrmenga varierte difor etter grovfôrkvalitet, alt frå 0,2 – 0,5 kg for norm gruppa, og 0,5 – 0,8kg for over norm gruppa.

Forsøksfôringa vara i gjennomsnitt omlag 2 veker før paringa starta, og gjennom paringsperioden som i gjennomsnitt vara i 32 dagar. Etter at paring vart forsøksfôringa avslutta. Drektigheit og lammetal vart målt med fosterteljing.  

Effekt av fôrstyrke

Påsettlam fôra etter over norm hadde ei tilvekst på 89,6 gram per dag, noko som var 21,1 gram høgare enn for dei som var fôra etter norm. Andel tomme påsettlam var 4 % lågare for gruppa som var fôra over norm. Variasjonen i resultatet var likevel så stor at ein ikkje med sikkerheit kan konkludere at dette var ein effekt av sterkare fôring. Fostertal enda omtrent likt for båe fôringsgruppene.

 

Norm

Over Norm

SEM

p-verdi

Tilvekst (g/dag)

68,5

89,5

19,25

0,0002

Tom (%)

20,3

16,4

7,31

0,3996

Fostertal

1,83

1,87

0,085

0,6188

Vekt, den viktigaste faktoren

Forsøket syner i samsvar med teorien, at tyngre dyr har større sjanse for å koma i brunst og bli drektige som åring. Gjennomsnittsvekta for dei drektige dyra var 50,3 kg, noko som var 3,4 kg høgare enn dei tomme.

Figur 1 viser fordeling av vekt (kg) mellom dei tomme (oransje boks)  og drektige (blå boks) påsettlamma.

Figur 1: Boksplot med vekt før paring (kg) på Y-aksen og effekten i drektigheitsgrad på X-aksen

Figur 1: Boksplot med vekt før paring (kg) på Y-aksen og effekten i drektigheitsgrad på X-aksen

 

Blogspot

Boksplot er ein figur som viser korleis verdiane i eit datasett fordeler seg. Farga boks viser halvparten av alle verdiane i datasettet. Svart strek i boksen er medianen. Linene utanfor boksen går til minste og høgste registrerte verdi. Svart prikk viser verdiar som skil seg langt frå resten av verdiane i datasettet.

For å få større oversikt over kva vekta betyr, sorterte vi vektdata i tre grupper, lett, middels og tunge lam. Tabellen viser at det var dei lette lamma som hadde den høgaste tilveksten. Årsaka til det kan vera kompensasjonsvekst for låg tilvekst tidlegare i livet.

Sjølv med høgare tilvekst, var det 14 % fleire tomme i «lett» gruppa enn i «tung» gruppa. Lamma i middelsvektgruppe hadde høgast fostertal med eit gjennomsnitt på 1,98 lam per påsettlam, noko som var betydeleg høgare enn for dei lette lamma.

 

Lett

Middels

Tung

SEM

p-verdi

Vekt

33-46,8kg

47-52,5kg

53-69kg

 

 

Tal dyr

79

82

71

 

 

Tilvekst (g/dag)

99,3a

74,3b

60,1b

19,6

0,0001

Tom (%)

25,6a

14,9ab

11,8b

7,86

0,09

Fostertal

1,69a

1,98b

1,86ab

0,09

0,03

Alder

Alderen til påsettlamma hadde også effekt. Dei drektige (blå boks) var i gjennomsnitt fem dagar eldre enn dei tomme (oransje boks). Figur 2 viser fordeling i alder hjå drektige og tomme påsettlamma.

Figur 2: Boksplot med alder i dagar på Y-aksen og effekten på drektigheit på X aksen

Figur 2: Boksplot med alder i dagar på Y-aksen og effekten på drektigheit på X aksen

Drøfting av resultata

Forsøk i andre land syner at god fôring kring paring er viktig for å få til ein vellykka reproduksjon. Grunnen til at ein ikkje fekk nokon statistisk sikker skilnad i dette forsøket, kan vere at dagens fôringsnorm er god nok. Mange av dei utanlandske forsøka hadde nok også større forskjell i fôrnivå enn i dette forsøket. Sjølv om høg vekt var særs viktig for å få dyra drektig, fann ein både lette og tunge dyr som var drektige og omvendt.

Vaksenvekt vil variere mellom individ av same rase, og dermed vil vekta ved paring for å oppnå det teoretiske målet om 65 % av vaksenvekt kunne vere forskjellig. Likevel syner resultata at det er ingen fordel å vera lett og ung dersom ein skal bli eit drektig påsettlam.

Resultata viste også at dei lettaste påsettlamma hadde høgast tilvekst når dei fekk betre fôring. Det er difor viktig å koma i gang tidleg med god fôring spesielt på det lettaste påsettlamma.

Ca 50 kg levandevekt ved paringsstart ser ut til å vera ei fornuftig målvekt for påsettlam av Norsk kvit sau. Vi vil også av eigen erfaring tilrå å introdusere vêren tidleg. Det vil  stimulere påsettlamma til å kome i syklus innanfor planlagt paringsperiode.

Vi håpar denne artikkelen har gjeve nokre idear til den som vil betre drektigheitsresultata på påsettlamma sine, og vi ynskjer lykke til med ny avlssesong!

Vi vil også takke forsøksvertane for godt samarbeid og Animalia for økonomisk støtte til dette feltforsøket.  

 


For å leggje opp til rett fôring av påsettlamma, er det å ta ut grovfôranalyser. Med bakgrunn i ei analyse kan ein vite kva grovfôr ein skal bruke til kvar tid, og supplere med rett type og mengde kraftfôr.

Fine påsettlam, klare til å produsere lam som åringar (Foto: Sondre Lauareid Hovda)

Fine påsettlam, klare til å produsere lam som åringar (Foto: Sondre Lauareid Hovda)