God økonomi med å vera med i lammering
(03.07.24) Nesten 83 % av alle sau/lam Nortura slakta i 2023 kom frå ein sauebonde som er organisert i lammering.
Lammeringorganiseringa ser ut til å heve slaktekvaliteten på lam og utbetalinga av tilleggsytingar.
Tabellen under syner høgare utbetaling av kvalitetstillegg, samstundes som også puljetillegget er større hjå lammeringmedlemmene. Høgare sesongtillegg tyder også på at lammeringmedlemmene kjem tidlegare i gang med slaktinga om hausten.
Ta kontakt med ein rådgjevar i Nortura om du vil bli med i, eller vil starte ein lammering.
Tabell 3. Resultat innanfor og utanfor lammering i 2023:
Andel i lammering | 82,8 % | |
Andel utanfor lammering | 17,2 % | |
Kvalitet lam | Innanfor lammering | Utanfor lammering |
Vekt | 19,04 | 16,61 |
Klasse | R | R- |
Fettgruppe | 2+ | 2+ |
Andel Stjernelam | 93 % | 82 % |
Andel Gourmetlam | 61 % | 38 % |
Økonomi lam | Innanfor lammering | Utanfor lammering |
Avregningspris pr lam | 995 | 819 |
Puljetillegg | 46 | 20 |
Sesongtillegg | 13 | 8 |
Kvalitetstillegg stjernelam | 42 | 29 |
Kvalitetstillegg gourmetlam | 35 | 20 |
Lammeringstillegg | 15 | - |
Økonomisk resultat pr lam *) | 1 147 | 897 |
Forskjell pr lam | 250 |
*) I tillegg kjem kvantumstillegg og evt. etterbetaling