Agder på Stjernelam-toppen
(17.01.22) Endeleg vart det mogleg å få laga ferdig slaktestatistikken for Lammesesongen 2021. Den syner at vi slakta litt under 620 000 lam i sesongen 2021, ca 15 500 færre enn i 2020.
Av: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura
Saueslaktinga er derimot auka med ca 3000 sau. Dette tyder difor på at det er skifta ut ein del meir sau enn det vart gjort i 2020. Det er jo også ein god prisoppgang nå etter nyttår. Ein del ser også ut til å vente på den. Vi slakta ca 2 600 småfe i veke 2 og i veke 3 er det innmeldt 1 800 småfe. Nortura-sauebonden fylgjer jo godt med!
Vi har hatt ei positiv utvikling når det gjeld andel Stjerne- og Gourmetlam også denne sesongen. 90,5 % Stjernelam og 64,3% Gourmetlam er rett og slett imponerande!
Framgangen er ekstra stor i Agder
93,3 % Stjernelam gjer Agder til vinnar av Stjernelam-toppen Sesongen 2021. På dei neste pallplassane kjem Innlandet med 93,1 % og Rogaland med 92,9 % Stjernelam. Vi Gratulerer!
Da er vi i gang med eit nytt saueår
Salet av lam i slaktesesongen auka med 15 % og reguleringslagra for sau og lam er tomme. Alt tyder difor på at 2022 blir eit godt år for sauen.
Konklusjonen på dette er at marknaden har tola godt prisoppgangen på kr 3 for lam og kr 9,35 for sau som Nortura har teke ut på vegne av sauebonden i årets slaktesesong.
Statistikk
Oversikt veke 26 - 52, pdf. 414 kb
Oversikt veke 26 - 47, pdf. 414 kb
Oversikt veke 26 - 44, pdf. 414 kb
Oversikt veke 26 - 42, pdf. 414 kb
Oversikt veke 26 - 40, pdf. 414 kb
Oversikt veke 26 - 39, pdf. 414 kb
Oversikt veke 26 - 38, pdf. 414 kb
Oversikt veke 26 - 37, pdf. 414 kb
Oversikt veke 26 - 36, pdf. 414 kb
Oversikt veke 26 - 35, pdf. 414 kb
Oversikt veke 26 - 34, pdf. 413 kb
Statistikk frå Animalia (ekstern lenke)