Innvortes parasittar hos sau

(Revidert 05.12.16) Svært mange parasittar, eller snyltarar, kan finnast hos sau her i landet. Desse tilhøyrer ulike grupper, som har ulikt levevis og smittar sau på ulike måtar.

Dei fleste er innvortes snyltarar som lever i løpemagen, tarmen, levra eller lungene. Desse smittar med få unnatak sau via fôr og vatn, hovudsakleg i beiteperioden. I større mengder, kan dei føra til nedsett produksjon og trivsel hos sau. I nokre situasjonar kan dei gje alvorleg og livstruande sjukdom.

Sau kan også ha utvortes snyltarar i ulla og huda. Desse kan føra til skade på ulla eller til meir alvorleg sjukdom. Dei fleste snyltarar har større skadeleg verknad hos lam i det første leveåret enn hos eldre søyer.
 

 Temahefte: Innvortes parasitter hos sau, pdf. 1 138 kb

For å vise PDF-filen trenger du Adobe Reader. Hvis du ikke har dette programmet installert, kan det lastes ned her: