Har du skaffa deg ein god avlsvêr til paringssesongen?

(20.10.10, oppdatert 27.09.17) Det er i parings- og insemineringsperioden grunnlaget blir lagt for neste års lammesesong. Vêrlamkåringane går føre seg i desse dagar. Da er tida inne for å skaffe seg ein god avlsvêr.

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura og medlem i Avlsrådet for sau i Norsk Sau og Geit

Eksempel på NKS vêr som er god på moreigenskaper
Eksempel på NKS vêr som er god på moreigenskaper

Avlsvêr for produksjon av gode mordyr
I Noreg har vi verdens beste Sauekontroll; slaktedata blir overført direkte frå slakteria og opplysningar om lammetal, vår- og haustvekter blir rapportert inn av medlemmene i Sauekontrollen. Dette gjev grunnlag for ein effektiv avl på tilvekst, mjølkemengde, tal lam, feittmengde og kjøttfylde.

Kjøper du eit kåra vêrlam, så får du ein vêr med avlsindeksar med ei forventing om kor god vêren er for desse eigenskapane. I tillegg har vêren kåringspoeng for ull og eksteriør som er sett av ein erfaren dommar. Rettleiande grunnprisen for eit kåra vêrlam i 2017 er kr 3.100 + tillegg på kr 50 for kåringspoeng over 115 i O-indeks.

Kjøper du ein avkomsgranska vêr, har veren sjølv synt kva han dug til gjennom avkomma han har produsert i vêreringane. Dette er altså eit sikrare kjøp, og rettleiande pris i 2017 er kr 3 900 + tillegg på kr 200 per indekspoeng over 115 i O-indeks.

Dei aller beste avkomsgranska verane blir sett inn på Staur Seminstasjon og blir tappa for sæd. Ein kan da lage sin eigen avlsvêr med semin. Når ein skal gjera det, bør ein inseminere fleire av dei beste søyene slik at ein har ein del kandidatar å velje i når avlsvêren skal plukkast ut. Utfordringa med denne måten å skaffe seg avlsvêr på, er sjølvsagt at ein meistrar insemineringsteknikken og at avlsvêren vil vera i slekt med ein del av søyeflokken. Ein må difor vera på vakt mot innavl. Ein fordel er at ein slepp livdyrkontakt. Prisen i 2016 var kr 75 pr sæddose + tillegg på kr 4,00 per indekspoeng over 130.

Eksempel på NKS vêr med god kjøttprofil
Eksempel på NKS vêr med god kjøttprofil

Kjøttvêr for produksjon av gode slakt
Større buskapar som treng minst to avlsvêrar, kan med fordel planlegge med bruksdyrkryssing. Bruksdyrkryssing er ei bedekking der avkommet i utgangspunktet er bestemt til slakt. Dette kan ein gjera dersom ein har god oversikt over søyeflokken sin og difor veit kva søyer som skal bli mødrer til neste års påsettlam.

Sauekontrollen er også eit ypparleg reiskap for å få denne oversikta. Resten av søyene kan da produsere slaktelam. Ein kan da skaffe seg ein kjøttvêr som kan bedekke slaktelam-søyene.

Ein god kjøttvêr kan du skaffe deg ved å kjøpe eit kåra vêrlam eller ein avkomsgranska vêr som er gode på eigenskapene slaktevekt, kjøttfylde og feittmengde.

I vêrkatalogen til NSG semin finn du også vêrar av kjøttsaurasene NorX, Texel og Charrolaise og semin frå Norsk Kvit sau-vêrar med gode indekser for slaktevekt, kjøttfylde og feittmengde. slik at du kan lage din eigen kjøttvêr med å bruke semin på dei mest kjøttsette søyene dine.

Ved sidan av betre slakteoppgjer, vil bruksdyrkryssing også gjera driftsopplegget enklare om hausten. Lam etter ein kjøttvêr treng ein nemleg ikkje å vurdere som påsettlam. Dei skal gå rett til Nortura som slaktelam, eller ein kan sortere dei direkte ut til sluttfôring.

Lykke til med årets avlssesong!