Avlstiltak for å få ein god sauebuskap

(Oppdatert 17.09.20) Vi bør ta ut ca 25 til 30 % saulam av tal vinterfòra sauer kvart år. Dette for å oppretthalda ei god og frisk sauebesetning.

Av: Ove Myklebust, tidlegare tilførselssjef og Finn Avdem, fagsjef småfe 
 
Skal vi ha lite svinn av lam og sauer, må vi satsa på å få ein praktisk sau der slekta ikkje har skavankar som børframfall, skjedeframfall eller vommiskinn. Vi bør og unngå å setja på lam etter slekter som har hatt mykje jurbetennelse. 
 
Korleis bør foreldra til påsettlam vera?
Fødde lam i eit kull bør ha tilnærma lik fødselsvekt. Vi bør ikkje setja på lam etter slekter der dei vaksne sauene får ein del einstaka lam, heller ikkje frå åringar som får meir enn 2 lam eller frå vaksne sauar som får meir enn 4 lam. Slektene bør ha lite eller ikkje lammingsvanskar, ta seg godt av lamma så dei klarar seg utan ekstra hjelp. Mødrene må mjølka godt og gje lamma sine ofte og mykje mjølk. 
 
Det er stor fordel at påsettlamma kjem frå slekter med gode jur og 2 høveleg store spenar. Spenane må vere plassert slik på juret at dei er lette å finna.  Prøv å unngå å setja på lam under sauer med dårleg jurfeste. 
 
Det er høgst sannsynleg at påsettlam frå gode slekter blir gode dyr. Dei siste åra er det blitt avla  på god kjøttfylde. Slaktelamma har gode lår og som regel god rygg. I 2019 kom ca 85 % av lamma som blei slakta i Nortura i slakteklassane O+ og oppover. 83 % av lamma var stjernelam. Avlar ein for mykje på kjøttfylde, vil ein kunne få ein tung morsau med lågare fruktbarheit og kortare ull.
 
Vi bør sjå etter om dei forskjellige vêrane gjev overfeite slaktelam. Lamma må kunne ha god tilvekst fram til dei er over 20 kg slaktevekt utan at dei blir overfeite. Sauer som mjølkar godt har i dag lett for å få overfeite lam. Dette er likevel gode sauer som vi bør behalda. 
 
Det kan vera stor forskjell på kor sauene i ein flokk beitar i heiane/fjellet. Set på saulam etter sauer som går i ønska beiteområde. Vi må og sjå på korleis sauene er til å ha lamma med seg og at dei har lite svinn på beite. Sauer som har 2 eller 3 store jamne lam om hausten er gode mødre og verd å vurdere påsett etter.
 
Korleis bør påsettlamma vera?
Vi bør først ta for oss ulla på lammet. Kjenn etter at lammet har bra mengde med ull. Sjå på lengda og kvaliteten. Vi skal vere klar over at ulla må ha ei lengde på minst 7 cm om hausten for å kunne gå i beste klasse. Når det gjeld kvaliteten, er det svarte hår, daudhår og marg i ulla vi må sjå etter. Er det mykje marg i ulla, er den lite slitesterk og vi kan riva ulla av på lengda. Ulla må ikkje vere for grov. Vi veit at ullmengde og kvalitet har høg arvbarheit, så her er det pengar å henta for dei fleste sauebønder. Skal vi i framtida kunne oppnå tilskott på ulla, må vi satsa på god ullkvalitet. 
 
Påsettlamma må ha gode bein, rett vinkla i hasar og koder og ikkje lause bøger. Lam med svampkne bør ikkje setjast på til livdyr. Påsettlamma må ikkje vere for låge. Dette kan føra til at avkomma kan få problem med å finna spenane. Set vi påsettlamma på baken, kan vi sjå om lammet har to spenar og kva storleik desse spenane har. Breitt og hallande kryss er og ein fordel når det gjeld lammingsvanskar. Vi må òg sjå på om lammet er overbitt. Lammet bør ha god muskelfylde i rygg og lår. 
 
Ikkje sett på lam som har vore sjuke på grunn av flåttangrep, eller sjuke av andre årsaker. Vi skal heller ikkje setja på lam som stadig har hatt laus avføring. Det kan vere at slike lam er svake for innvolssnyltarar eller har problem med fordøyelsen. Tar ein avføringsprøvar av påsettlam, er lamma med lågast eggtal antakeleg dei lamma som er mest motstandsdyktige mot innvolssnyltarar. På sikt vil vi kunne få store problem med motstandsdyktige snyltarar ved behandling med medikament også i Noreg. Ikkje sett på lam som er snaue for hår i hovudet. Desse dyra er meir utstatt for sår og dermed angrep av flugelarvar. 
 
Vêren/vêrane til saueflokken
Vi kan rekna med at vi treng ein vêr til ca 50 vinterfôra sauar. Ein vaksen vêr kan bedekka fleire sauar. Det er viktig å få tak i gode vêrar. Kjøp kåra vêrlam eller avkomsgranska vêrar. Desse verane er frå gode slekter og er blitt kvalitetssikra på kåringssjåa. Vi skal vere klar over at vêrane betyr svært mykje. Ein vêr kan på 1 år vere far til over 100 lam, medan sauen kan vere mor til 2 til 3 lam pr år. 
 
Korleis kan ein leggja opp paringa i ein saueflokk?
Vil ein ha konsentrert lamming, går det ann å samla brunsten på dei vaksne sauene innan 3 veker ved hjelp av ein vaksen vêr. Det vil og ha ein viss effekt på påsettlamma. La ein vaksen vêr gå med flokken i 3 til 5 dagar, 15 dagar før bedekkinga skal ta til. Bruk forklede på vêren. Vêren skal så vere heilt borte frå sauene i 10 til 12 dagar. 
 
Under paringa bør påsettlamma få tildelt ein vêr som ikkje gjev for store fødde lam. Har nokon stadig problem med fødselsvanskar på åringane, bør dei velja vêr frå lette rasar som spæl eller pelssau. Det blir då slaktelamproduksjon på desse dyra. Påsettlamma må veksa godt utover hausten. Skal dei koma i brunst, få to fødde lam, må dei i tillegg til godt grovfôr ha rundt 0,5 kg kraftfôr før paringa og utover vinteren.
 
Gimrane bør ein ha ein god morvêr til, da dei er veldig aktuelle påsettlam-mødre. Dei beste bør ein prøve å få inseminert. For å få eit høgt lammetal på gimrene, bør dei i tillegg til gode beiter/grovfôr få 0,5 kg kraftfôr under paringa, for så å gå ned til 0,3 kg ein månad etter paringa. Vaksne sauer som er tynne kan gå i lag med gimrene. 
 
Dersom den vaksne saueflokken er på meir enn ca 100 vinterfôra sauer, kan den delast i 2 grupper. Dei mest aktuelle påsettlam-mødrene skal produsere livlam, den andre gruppa skal produsere slaktelam. Her vil sauekontrollen vera eit svært godt hjelpemiddel for å få oversikt. Til denne gruppa bruker ein vêr som er god på tilvekst, kjøttfylde og lite feitt. Veren kan gå med desse sauene så lenge ein kan tenkja seg å ha lamming. Det er viktig å sjekka om sauene viser omløp. Det er ingen garanti for at sæden til veren er i orden om den er kåra. Husk at flåttangrep kan føra til at veren ikkje er i orden. Frå denne gruppa skal ein ikkje setja på livlam, ikkje om dei ser svært flotte ut.  
 
Ein del av dei vaksne, beste sauene som kjem først i brunst bør inseminerast. Vi skal rekna med at det er dei beste vêrane i Noreg som blir tatt ut til semin. Resten av dei andre aktuelle påsettlam-mødrene, bør ein god morvêr ta seg av. 
 
Lykke til med å få til ein praktisk og god mjølkesau.