Slakteoppgjerskalkulatoren 2022

(Sist oppdatert, 05.07.22) Med slakteoppgjerkalkulatoren kan du rekne ut forventa slakteoppgjer i ei veke og samanlikne dette med ei seinare slakteveke slik at bonden får råd om det mest økonomiske slaktetidspunktet.

Kalkulatoren er laga i excelformat og det er nødvendig å ha Microsoft Office versjon 2003 eller nyere innstallert på maskina di for å kunne bruke den.

» Slakteoppgjerskalkulatoren 2022 (194 kb)


Vitsen med slakteoppgjerkalkulatoren er å kunne rekne ut forventa slakteoppgjer i ei veke og samanlikne dette med ei seinare slakteveke slik at bonden får råd om det mest økonomiske slaktetidspunktet.

Det skal berre leggjast inn tal i kvite felt

  1. Sett inn kva distriktstilskotssone du er i (celle D3) og kva kvatumsgruppe du tilhøyrer (celle G3) og om du er med i lammering (K3)
  2. Sett inn levandevekt på lammet eller middelvekt for ei gruppe lam
  3. Sett inn forventa slakte %
  4. Sjå på forventa slaktevekt (celle E6) og vurder sannsynleg Stjernelamtillegg, Gourmetlamtillegg, feittrekk, tillegg/trekk for klasse over under R, kvalitetstillegg og puljestorleik (sjå tabellane i arket)
  5. Sett inn forventa tilvekst (celle B3) og planlagt slakteveke (celle C5)
    Sjå på forventa slaktevekt i planlagt slakteveke (celle E7) og vurder sannsynleg Stjernelamtillegg, Gourmetlamtillegg, feittrekk, tillegg/trekk for klasse over under R, kvalitetstillegg og puljestorleik
    Arket bereknar sjøl prisendring pga vekt. Vi har også teke med grunntilskotet (ca kr 4) som ikkje blir betalt for lam under 13 kg 
    Arket bereknar så forventa slakteoppgjer i planlagt slakteveke og kor mykje bonden har igjen/taper pr dag  ved å utsetje slaktinga.
    Evt. overskot skal dekke arbeid og kostnader med utsett slakting. 
    Arket "Priseksempel" er berre eit finare oppsett på kva pris ein kan forvente på det slaktemogne lammet.
    Arket "Kvantumskalkularen" kan brukast til å finne aktuell kvantumsgruppe