Kunnskap om grovfôropptak og holdvurdering, nøkkel til rett fôringsstrategi av sauen

LAM 2014:

(05.02.14) Før vi kan snakke om rett fôringsstrategi, så må vi blir einige om kva det vil si å ha ein fôringsstrategi. Det eg legg i å ha ein fôringsstrategi, er å setja seg mål og leggje ein plan for å nå målet, gjennom fôringa av sauen gjennom eit år.

Finn AvdemAv: Finn Avdem, fagrådgjevar småfe i Nortura

Kva er rett fôringsstrategi?
Før vi kan snakke om rett fôringsstrategi, så må vi blir einige om kva det vil si å ha ein fôringsstrategi. Det eg legg i å ha ein fôringsstrategi, er å setja seg mål og leggje ein plan for å nå målet, gjennom fôringa av sauen gjennom eit år. Det betyr i praksis at:

  • Ein har eit bevisst forhold til mengda og kvaliteten på grovfôret ein har
  • Ein har kunnskap om fôrbehovet til sauen
  • Ein kan gjera bevisste val når det gjeld mengde og type kraftfôr. Dersom ein har ein god fôringsstrategi, vil det kome færre overraskingar gjennom ein innefôringssesong, ved at ein ikkje får for lite/for mykje grovfôr, at sauen held seg friskare og er i passeleg godt hold (feittreserver) og at vomma fungerer godt, noko som gjer at fôret blir utnytta betre. Ein god fôringsstrategi er ein av dei viktigaste føresetnadene for eit godt økonomisk resultat av sauen.

Holdvurdering
Vi i Team småfe har i mange år snakka om holdvurdering som ein viktig styringsverktøy for sauebonden. Vi som reiser rundt og ser mange saueflokkar, veit at eit av dei viktigaste kjenneteikna hjå ein sauebonde med gode resultat på sauen sin, er at han alltid fylgjer med på holdet på søyene, og justerer fôringa dersom det er nødvendig. Dette krev kunnskap om korleis ein vurderer holdet og kva som er passeleg godt hold.  Dette finst det eit godt, internasjonalt system for, med skildring av fem holdgrupper ved å ta eit godt grep på ryggen til søya, framfor krysset, bak ribbeina.

Snitt

Det ein kjenner på denne delen av ryggen, vil vera skinn, bein og feitt. Ein treng difor ikkje lure på om det er musklar eller feitt ein kjenner. Andre aktuelle stader å vurdere holdet, er på rumpetangen og på ribbeina. 

Ideelt hold på ein sau er holdgruppe 3-4 (INRA 1989), dvs at ein må trykke hardt for å kjenne torntappane og tverrutvekstane. Eit godt mål for fôringsstrategien, er at søyene skal vera i dette holdet før dei blir høgdrektige 8-6 veker før lamming. Mot slutten av drektigheitstida krev fosterveksten så mykje energi at det er vanskeleg å fôre hold på søyene.

 Det er mogleg å rekne på kva som trengs av fôring for å endre holdet eit holdpoeng. Endring i eit holdpoeng for ei søye, betyr ca 13 % endring i levandevekt (INRA 1989). Det betyr at ei søye som veg ca 80 kg når ho er i holdgruppe 2,5, må legge på seg ca 10-11 kg før ho er i holdgruppe 3,5. Det krev 5-5,5 FEm å produsere ein kg tilvekst på ein vaksen sau (Nedkvitne J.J, 1998), dvs ca 55 FEm for å endre holdet ei holdgruppe. Dersom dette skal gjerast f.eks i ei periode på ca 160 dagar (innsett ca 1. oktober til søyene byrjar å bli høgdrektige i fyrste halvdel av mars dersom ein har lamming frå ca 1. mai), krev dette 0,3 -0,4 FEm ekstra energi per dag til holdoppbygging.

Kvifor er det så viktig at søyene er i jamt passeleg godt hold?
Godt hold gjer søyene meir robuste mot mange vanlege sjukdomar fordi godt hold også betyr at søya har eit robust immunforsvar. Eit eksempel på dette er at søyer i godt hold er mindre utsette for åtak av innvortes parasittar enn søyer i dårleg hold (HT sau 2013). Feittreservane gjer også at søyene har meir energi tilgjengeleg til å oppretthalde ein høg mjølkeproduksjon over lang tid. Dei er da mindre utsett for at svoltne lam syg på tomme jur, og dermed blir det mindre mastitt. Ein bør heller ikkje ha for feite søyer. Dette gjer dei meir utsette for ketose (fosterforgifting) (Vatn et.al 2008).

Søyer i godt hold gjer at ein kan tillate seg ei viss energiunderdekning i periodar det er utfordrande å fôre slik at søya får full energidekning. Dette gjeld spesielt på slutten av høgdrektigheitstida og i innefôringsperioden etter lamming. Både fødselsvekt og mjølkeproduksjon vil likevel halde seg oppe fordi søya kan mobilisere energi frå feittreservane. Dette gjev lamma ein god start om våren, noko som er viktig for både slaktevekt og kjøttfylde på lamma til hausten. Ein bør likevel passe på at søya ikkje brukar opp alle feittreservane (ikkje under holdgruppe 2). Dette fører ofte til lågare lammetal året etter (Freer M. et al 2002).  Passeleg høgt lammetal per sau er viktig for eit godt økonomisk resultat av sauen. Det vil også krevja mykje energi å bygge opp feittreservane igjen. Dersom ein ikkje har godt nok grovfôr, betyr det ofte høgare kraftfôrforbruk. Søyer i stabilt hold, gjev også den mest energiøkonomiske fôringa. Det krev meir energi å byggje opp hold enn det søyene greier å hente ut når dei tærer på holdet (INRA 1989). 

Eit mål på ideell variasjon av holdet, kan sjå slik ut:

Periode

Holdgruppe

Avvenning til paring

Stabilt eller stigande hold til 3-3,5

Paring til ca 90 dagars drektigheit

Stabilt hold 3,5

90 dagars drektigheit til lamming

Stabilt hold 3,5

Lamming til slepp på sommarbeite

Mobilisering av hold 3,5 – 2,5*)


*)Dersom ein veit at sommarbeitet er så godt at søyene byrjar å bygge hold utover sommaren når mjølkeproduksjonen avtek, kan ein tillate seg enda høgare holdmobilisering, men hugs at søyer i dårleg hold produserer mindre mjølk og er meir utsette for sjukdomar.

Grovfôropptaket er nøkkelen til rett fôringstrategi
Kunnskap om grovfôrkvalitet og sannsynleg grovfôropptak, er avgjerande for å kunne fôre med rett kraftfôrmengde slik at søya kjem i rett hold. Mange faktorar verkar inn på grovfôropptaket. Rådgjevar i Linn Hege Engen i Nortura, skreiv i 2011 ei Masteroppgåve med tittelen "Faktorer som påvirker grovfôrpptaket på sau". (Engen L.H. 2011). I denne oppgåva gjekk Linn Hege igjennom to fôringsforsøk og analyserte faktorar både med fôret og søya som påverkar grovfôropptaket. Ho fann at haustetidspunkt/fiber-innhald og om søya var drektig eller om ho hadde lamma, var av dei viktigaste faktorane som påverkar grovfôropptaket.

Jo seinare ei graseng blir hausta, jo større del av graset består av plantefibrar (NDF) som blir brote seint ned i vomma. I beitegras om våren finn ein ofte ca 35 % fiber, medan ei eng som har blomstra består av 60-65 % fiber (Mo M. 2005).  Samstundes som graset består av meir fiber, blir også fibra meir vomstabile. Det betyr at nedbrytinga i vomma går seinare, og ein større andel av grovfôret vil passere vomma utan å bli brote ned i det heile. Ved å kutte graset, vil ein hjelpe vommikrobane til ein raskare nedbryting fordi dei vil få ei større overflate å “angripe” fôret på.

I teoridelen av oppgåva er Linn Hege også inne på andre faktorar som påverkar grovfôropptaket. Surfôr som inneheld veldig mykje vatn, vil fylle opp vomma raskare.  Fuktig surfôr er også sterkare gjæra og meir utsett for feilgjæring, spesielt om ein ikkje brukar syrebaserte ensileringsmiddel. Dette kan virke negativt på smakelegheit og fôropptak. Frose surfôr ser ikkje ut til å vera negativt for fôropptaket dersom søyene får nok tid til å eta, og får rive opp surfôret før dei skal eta (Dønnem et.al. 2013).

Storleiken og alder på søyene, tenner, klypping, drektigheit, kor mykje søya produserer og andelen kraftfôr i rasjonen, påverkar også grovfôropptaket. Om grovfôret blir tildelt etter appetitt, er sjølvsagt også viktig.

Team småfe har i samarbeid med NMBU, utvikla ein modell for berekning eit sannsynleg grovfôropptak der vi tek omsyn til ein del av desse faktorane. Vi har studert ein del norske appetittfôringsforsøk med opplysningar om grovfôropptak, vekta på søyene og kvaliteten på grovfôret. Modellen vi har laga, tek utgangspunkt i at grovfôret blir tildelt etter appetitt. Faktorane som det blir teke omsyn til er:

  • Storleiken på søya
  • Om søya er drektig eller mjølkar
  • Haustetidspunktet på graset (NDF-innhaldet)
  • Kor raskt og i kor stor grad, plantefibra (NDF) blir brote ned i vomma (FEm innhaldet)

Denne modellen har vi sett inn i eit rekneark-verktøy vi har kalla "Nortura sauefôring" der det blir berekna eit sannsynleg grovfôropptak ut frå kvaliteten på grovfôret. I "Nortura sauefôring" ligg også normene for protein- og energibehov til vedlikehald, tilvekst og mjølkeproduksjon.  Vi har også med ein tabell med energi, NDF- og proteininnhald i aktuelle grovfôr- og kraftfôrslag til sau.

"Nortura sauefôring" bereknar også NDF-innhaldet i totalrasjonen (grovfôr + kraftfôr), slik at ein får ein peikepinn på om fôrrasjonen fungerer godt i vomma. NDF-andelen i totalrasjonen til sau bør ikkje under 40 % og aldri under 30 %. Da vil sauen ha god appetitt, utnytte fôret godt og gjødselkonsistensen vil vera grei.

"Nortura sauefôring" bereknar også kva proteininnhald (AAT og PBV) det bør vera i kraftfôret for at vommikrobane og sauen skal få nok protein.

Tabell 1: Eksempel på berekna grovfôropptak i “Nortura Sauefôring”med ulik grovfôrkvalitetar for ei 80 kg`s søye.

Grovfôrkvalitet

 

Innhald i grovfôr  
per kg tørrstoff 

Grovfôropptak
80 kgs søye

Fôrbehov
til
vedlike-
hald FEm

Energi-
Ballanse
FEm

 Haustetid

Tørr-
stoff
%

NDF
g

FEm

AAT
g

PBV
g

Kg
TS

Kg
Fôr

Fem

Svært tidleg
hausta surfôr

30 %

483

0,99

74

59

2,0

6,8

2,0

0,91

1,1

Tidleg hausta
surfôr

30 %

526

0,93

74

22

1,7

5,8

1,6

0,91

0,7

Middels tidleg
hausta surfôr

30 %

621

0,85

72

7,4

1,3

4,4

1,1

0,91

0,2

Seint hausta
grovfôr

30 %

634

0,78

69

7,4

1,2

3,9

0,9

0,91

0,0

Svært seint
hausta grovfôr

30 %

647

0,67

63

-13,2

0,9

3,2

0,6

0,91

-0,3

 

Definisjon av ulike haustestider:

haustetider


Med dette verktøyet kan vi i Team småfe gje deg sikrare råd når vi blir spurt om hjelp til å leggje opp ein god fôringsstrategi for vinteren.

Ein del interesserte saueprodusentar ynskjer ei tettare oppfylgjing av fôringa enn det vi i Team småfe har muligheit for å kunne gjera. Vi har difor lagt ut “Nortura sauefôring” på medlemsweben. Her kan Nortura-medlemmene laste ned reknearket og leggje inn opplysningar om sauetal, hold på sauen, grovfôrkvalitet og ynskt produksjon. "Nortura sauefôring" gjev da råd om mengde og kvalitet på kraftfôret ein bør bruke til ulike grupper sau, og forventa fôrforbruk.  Ein får da ein god peikepinn på om ein har råd til appetittfôring med grovfôr eller ikkje. "Nortura sauefôring" kan også brukast til å rekne på korleis ein kan lage fornuftige rasjonar med mindre grovfôr og meir kraftfôr dersom ein har for lite grovfôr eit år.

"Nortura sauefôring" er eit verktøy som gjer at du får meir nytte av grovfôranalysane dine, fordi du har eit analyseverktøy å putte resultata inn i. Vi håpar difor dette vil stimulere til at fleire analysere kvaliteten på grovfôret sitt. Det vil lønne seg!

Kva betyr rett fôringsstrategi økonomisk?
Vi har laga nokre eksempel på kva ein rett fôringsstrategi betyr økonomisk.

Unødvendig kraftfôrtildeling i lavdrektigheitsperioda dersom grovfôret er godt nok til vedlikehald og ynskt hold endring. Dersom ein sauebonde set inn sauen rundt 1. oktober og parar sauen rundt 1. desember, så vil søyene vera tomme/lågdrektige i ca 150 dagar av innefôringsperioden. Dersom bonden fôrar med 0,3 kg kraftfôr pr dag, utan at søya har behov for det, så kostar dette ca kr 155 per søye eller kr 15.500 for ein flokk på 100 søyer.

Vi kan også tenkje motsett, at grovfôret var av dårlegare kvalitet enn ein rekna med, og søyene burde hatt kraftfôr gjennom vinteren. Dette fører til søyene er i dårleg hold ved lamming. Fylgjer av dette kan bli meir mastitt pga mindre mjølk i søyene og fleire svoltne lam. I fylgje Helseutskrifta i Sauekontrollen, kostar ein mastitt ca kr 1.500. I tillegg må kanskje ei god søye utrangerast for tidleg, noko som fører til eit inntektstap på rundt kr 2.500 året etter fordi eit påsettlam produserer mindre enn ei vaksen søye (Myklebust O. 2011). Vårtilveksten til lamma vil også bli lågare fordi søyene mjølkar mindre. Dette fører som regel til lettare lam og meir sluttfôring om hausten. Eit slaktemogent lam på ca 20 kg slaktevekt som blir slakta i veke 36 (1. veka i september) vil ha ca kr 6 høgare avrekningspris per kg enn om ein må sluttfôre lammet til same slaktevekt i veke 40 (1. veka i oktober). I tillegg kostar det kanskje kr 4 per dag i kraftfôr og grovfôr å sluttfôre lammet. Det betyr at lammet slakta i veke 30 er ca kr 250 "meir lønsamt" enn lammet som vart sluttfôra til veke 40. I tillegg vil lam med låg vårtilvekst som oftast vera slaktemogne ved lågare vekt enn lam med høg vårtilvekst. 

Konklusjon:
Med kunnskap om holdvurdering, analyser av grovfôret, reknearket "Nortura sauefôring" og gjerne ein diskusjon med Team småfe i Nortura, så har du eit godt utgangspunkt for å lage ein fôringsstrategi som er rett for deg!

Litteratur:

  • Engen L.H. 2011, Faktorer som påvirker grovfôropptaket hos sau  Masteroppgave, Universitetet for miljø- og biovitenskap
  • HT Sau 2013, Rundormer hos sau 1. Tiltak for kontroll og forebygging av rundorm  Animalia
  • INRA 1989, Recommended allowances for ewes Ruminant Nutrition 
  • Mo M.2005, Surfôrboka, Landbruksforlaget
    Myklebust O. 2011, Ein haldbar sau, kva betyr dette for økonomien i sauehaldet? Foredrag LAM 2011
  • Mo M. 2005 Surfôrboka, Landbruksforlaget
  • Nedkvitne J.J. 1998, Behov for næring til utvikling og vekst  Saueboka, 2. utgave, Landbruksforlaget
  • Vatn S, Hektoen L., Nafstad O. 2008, Helse og velferd hos sau, Tun Forlag A/S