Tid for fôrplanlegging

(Oppdatert 28.10.22) Vinterfôret og sauen er i hus stort sett over heile landet. Da er det på tide å planlegge bruken av grovfôret som er hausta i løpet av vekstsesongen.

Sauer på fôrbrettet

Team småfe har planleggingsverktøy, Nortura sauefôring, som kan hjelpe deg å lage ein enkel vinterfôrplan som gjev svar på:

  • Har du nok grovfôr?
  • Kva grovfôr bør brukast når søya er lavdrektig, høgdrektig og etter lamming?
  • Er det nødvendig å bruke kraftfôr i lavdrektigheitstida?
  • Kva kraftfôrslag bør du velje? 

Den viktigaste og enklaste fôrplanlegginga du kan gjera, er å merke av fôret du skal bruke i ulike periodar av innefôringsperioden:

  1. Grovfôret med seinast haustetidspunkt, passar best å bruke i lavdrektigheitsperioden frå innsett til ca åtte veker før lamming. Det er i denne perioden fôrbehovet til søya er lågast i forhold til kor mykje grovfôr ho har kapasitet til å eta.
  2. Høy og godt fortørka surfôr bør brukast i høgdrektigheitsperioden frå ca åtte veker før lamming til ca lamming. Høgdrektige søyer bør ikkje bli belasta med tungt fuktig surfôr i tillegg til vekta av mange foster m.m.
  3. Det beste fôret, både med tanke på tidleg haustetidspunkt og god gjæringskvalitet, bør brukast frå lamming til beiteslepp. Det er når søya mjølker at fôrbehovet er størst. Rikeleg med godt grovfôr er ein føresetnad for høg mjølkeproduksjon. 

Ei grovfôranalyse gjev svar på kva kvalitet det er på grovfôret du har hausta. Informasjon om uttak, prisar og tolking av svar finn du på www.eurofins.no

Ta kontakt med Team småfe om du ynskjer å få laga ein vinterfôrplan, eller last ned Nortura Sauefôring frå "Beregningskalkulatorer" på småfesida og lag planen sjølv. Det kan lønne seg!