Slaktesesongen mot slutten

(15.11.22) To nye slakteveker er inne statistikken. I veke 43 og 44 (24. oktober - 6. november) slakta Nortura 76 000 lam (det manglar ca. 4000 lam i statistikken).

Sau med lam på beite. Foto: Kari Mørkve Jordalen

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura

Dette er ca 7000 fleire lam enn i dei same vekene i 2021. Vi tek difor innpå fjoråret i desse vekene, men framleis ligg vi ca. 25 000 lam bak.

Medel slaktevekt var 17 kg, medel klasse R/R-(7,5) og medel feittgruppe 2+ (5,7). Medel slaktevekt går nedover nå, men dette er ganske likt som det var i dei same vekene i 2021. Dette er framleis fine lam!

Vi har også slaktetall for sist veka, veke 45 og innmeldingstal for veke 46. I Veke 45 slakta Nortura 21 800 sau/lam, og i veke 46 er det innmeldt 11 500 sau/lam. Dette er litt mindre enn vi slakta i same vekene i 2021.

På tross av nedgang i salet til daglegvarekjedene, er det likevel ein god salsauke samla sett, på 14 % på ferske sau/lam i årets slaktesesong. Framleis er det ikkje lagt eit einaste sau- eller lammeslakt inn på reguleringslager. Salsauken kjem fyrst og fremst av auka sal til industrikundane. Det har vore full marknadsdekning dei siste vekene, det ser difor ut til at også denne kundegruppa byrjar å få dekt opp behovet sitt.

Statistikk

Graf slaktestatistikk i Nortura

Oversikt veke 26 - 44, pdf. 414 kb

Oversikt veke 26 - 42, pdf. 414 kb

Oversikt veke 26 - 40, pdf. 414 kb

Oversikt veke 26 - 38, pdf. 420 kb

Oversikt veke 26 - 36, pdf. 413 kb

Oversikt veke 26 - 34, pdf. 413 kb

Statistikk frå Animalia (ekstern lenke)