Vektgrenser som betyr mykje for prisen

(05.07.23) Nokre vektgrenser fører til store prishopp. Difor er det viktig å treffe desse vektgrensene så godt som mogleg når ein plukkslaktar.

Flotte lam på frodige vårbeite. Foto: Kari Mørkve Jordalen

Godt kjøttsette, flotte lam på frodige vårbeite. Desse vil ha høg slakteprosent til hausten. Foto: Kari Mørkve Jordalen

Viktige slaktevektgrenser som fører til prishopp

Slaktevekt-grense Verknad på pris
13,1 kg + kr 6 pga ny vektgruppe på prislista og endra slaktekostnad
+ kr 3,80 til 4,80 pga at berre lam med 13 kg slaktevekt og tyngre som får utbetalt grunntilskot
15,1 kg + kr 2,5 pga Stjernelam-tillegg om feitt- og klassekrava også er oppfylte
16,1 kg + kr 4,50 pga ny vektgruppe på prislista og endra slaktekostnad
17,1 kg + kr 3 pga Gourmetlam-tillegg om feitt-, klasse- og datokravet også er oppfylte

Kva levandevekt lammet bør ha for å oppnå desse slaktevektene, kjem an på slakteprosenten (% slaktevekt av levandevekt). Her er dei viktigaste faktorane som påverkar slakteprosenten:

  • Godt kjøttsette lam av tunge raser har høgare slakteprosent enn lam frå lettare raser.
  • Tunge lam med god tilvekst har høgare slakteprosent enn lette lam med lågare tilvekst.
  • Lam vege i eit sankegjerde med lite beitegras i vomma, har høgare slakteprosent enn lam som går på eit godt haustbeite med vomma full av beitegras.
  • Lam vege om morgonen før beiting har høgare slakteprosent enn lam vege om kvelden.

Nedanfor har vi laga ein hjelpetabell for å vurdere kva levandevekt som skal til for å koma over desse viktige vektgrensene.

Hjelpetabell for å vurdere levandevekt

  Norsk kvit sau 
slakteprosent
Spælsau 
slakteprosent
 

Rett frå sankekve 
45,0 %

Håbeite
42,0 %

Rett frå sankekve 
42,0 %

Håbeite
39,0 %

Slaktevekt Levande-vekt, kg Levande-vekt, kg Levande-vekt, kg Levande-vekt, kg
13,1 29,1 31,2 31,2 33,6
15,1 33,6 36,0 36,0 38,7
16,1 35,8 38,3 38,3 41,3
17,1 38,0 40,7 40,7 43,8

Klasse O+ gjev også eit stort prishopp. Dette er kravet for å få kvalitetstilskot lammeslakt på kr 525 pr lam frå staten (kr 545 frå 1.1. 2024). Medel slaktevekt for eit O+ lam ligg mellom 14 kg og 15 kg i 2022. Lette, mindre kjøttfulle raser krev høgare vekt for å oppnå O+ enn tyngre raser.

 

Reduser risikoen for vêrsmak og -lukt

Vi må alltid vera på vakt mot at det blir lukt- og smaksfeil på vêrlamslakta om hausten. Årsaka til at dette skjer, er hormonelle endringar hjå vêrlamma når paringssesongen nærmar seg.

Vi har difor laga fylgjande råd for å redusere risikoen for lukt og smaksfeil på vêrlam:

  • Alle vêrlam bør vera slakta seinast tre veker før paringssesongen startar. Det betyr at vêrlam som ikkje er slaktemogne ved sanking, bør setjast på intensiv sluttfôring på kraftfôr og grovfôr eller eit godt grønnfôrbeite rett etter sanking.
  • Sorter søyelam og vêrlam. Det er spesielt viktig dersom sluttfôringa går føre seg inne. Dette gjev også meire ro i flokken og betre tilvekst.