Over 90 % Stjernelam

(13.10.21) Da er veke 39 endeleg inne i slaktestatistikken (27. september - 3. oktober). Denne veka slakta Nortura 62 600 lam med medel slaktevekt på 18,9 kg, medel feittgruppe 2+ og medel klasse R (7,9).

Sau med lam på skogsbeite. Foto: Linn Hege Engen, Nortura

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura

Vi ligg foran fjoråret i Nordland og Vestland, i resten av landet heng vi litt etter. Behov for meir sluttfôring av lamma er ein viktig årsak til det. Nortura-sauebonden leverer ikkje dårlege lam! Stjernelam-andelen er framleis over 90 %. Litt mindre feitt enn i fjor gjer at fleire treffer på Gourmetlam-krava. Kundane til Nortura får difor eit flott råstoff å lage gode produkt av. Takk for det!

Salet går framleis bra i alle salskanalar. Storkjøkken-marknaden er nå skikkeleg i gang og ligg godt over fjoråret. Industrikundane kjøper også meir ferske lam enn dei gjorde på same tid i fjor, medan daglegvare ligg på same nivå som fjoråret. Pr veke 40 (10. oktober) ligg difor sesongsalet til Nortura i alle kanalar 15 % over fjoråret. Vi samanliknar her like vekenr, så ein del av salsauken kan nok forklarast av veke-forskyving på dato. Fasit får vi om eit par veker.

Statistikk

Graf slaktestatistikk lam i Nortura

Oversikt veke 26 - 39, pdf. 414 kb

Oversikt veke 26 - 38, pdf. 414 kb

Oversikt veke 26 - 37, pdf. 414 kb

Oversikt veke 26 - 36, pdf. 414 kb

Oversikt veke 26 - 35, pdf. 414 kb

Oversikt veke 26 - 34, pdf. 413 kb

Statistikk frå Animalia (ekstern lenke)

Relatert informasjon

Relatert informasjon (ekstern)