Framleis stor etterspørsel etter lam og 405 sauer seld på medlemskjøp

(29.10.24) Ei ny slakteveke er inne i statistikken. I veke 42 (14. - 20. oktober), slakta Nortura 53 600 lam med medel slaktevekt 17,7 kg, medel klasse R (7,8) og medel feittgruppe 2+/2 (5,6).

Lam i fjellet. Foto: Grethe Ringdal, Nortura

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe

Kvaliteten er omtrent som i fjor på denne tida av sesongen, og mesteparten av lamma held framleis god kvalitet. Førebels er det Buskerud, Troms og Innlandet som kjempar om Stjernelam- og Gourmetlam-toppen, men enda er det ein nokre slakteveker att!

Vi er nå i gang med veke 44, den siste veka med Gourmetlam-tillegg. Det hadde sjølvsagt Nortura-sauebonden fått med seg vi fekk inn ei god innmelding på 41 200 sau/lam. Lamma går framleis unna, medan det ligg an til reguleringslagring av 5 300 sau.

405 sauer seld på medlemskjøp

Vi er nå i gang med å pakke ½ tredelt sau i samband med medlemstilbodet som gjekk ut. Det kom inn bestillingar på 810 esker. Det betyr 405 færre sau på reguleringslager. Vi håpar på mange fornøgde kundar og at utleveringa vil fungere fint. Da er dette er noko vi kan gjera fleire gonger.

Statistikk graf Nortura

Statistikk i Nortura veke 31 - 42

Statistikk tal Nortura

Statistikk total