Lønsamt å vera med i lammering

(06.07.22) Oppslutnaden om lammeringane kryp oppover. Over 82 % av alle sau/lam Nortura slakta i 2021 kom frå ein sauebonde som er organisert i lammering.

Foto: Kari Mørkve Jordalen

Medlemskapet i lammeringen gjer noko med kvaliteten på lamma som sauebonden leverer og utbetaling av tilleggsytingar.

Tabellen under syner høgare utbetaling av kvalitetstillegg, samstundes som også puljetillegget er større hjå lammeringmedlemmene. Høgare sesongtillegg tyder også på at lammeringmedlemmene kjem tidlegare i gang med slakting om hausten.

Ta kontakt med ein rådgjevar i Nortura om du vil bli med i, eller vil starte ein lammering.

Resultat innanfor og utanfor lammering i 2021:
Andel i lammering 82,3 %  
Utanfor lammering 17,7 %  
Kvalitet lam Innanfor lammering Utanfor lammering
Vekt, kg 19,23 17,08
Klasse R R-
Fettgruppe 2+ 2+
Andel Stjernelam 92 % 81 %
Andel Gourmetlam 64 % 47 %
Økonomi lam Innanfor lammering Utanfor lammering
Avregningspris pr lam 819 687
Puljetillegg 45 20
Sesongtillegg 16 10
Kvalitetstillegg stjernelam 42 31
Kvalitetstillegg gourmetlam 25 17
Lammeringstillegg 15  
Økonomisk resultat pr lam*) 962 765
Forskjell pr lam 197  

*) I tillegg kjem kvantumstillegg