Tips for å vurdere slaktetidspunkt på lam

(16.09.20) Utgangspunktet for ein vellykka lammesesong, er kvalitetslam til rett tid. Prisløypa er laga slik at det skal løne seg å sanke og levere slaktemogne lam frå månadsskiftet august/september. Da har vi produkt av lam klar i butikk til salssesongen startar for alvor i kjedene frå midten av september. Dersom lamma ikkje er slaktemogne, vil det alltid lønne seg å sluttfôre dei til kvalitetslam.

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura

Samarbeidet i lammeringane i Nortura gjer det mogleg å drive plukkslakting utan å tape puljetillegg.

Ove Holmås sorterer lam etter vekt og hold
Ove Holmås sorterer lam etter vekt og hold

Under Beregningskalkulatorer kan du laste ned reknearket Slakteoppgjerskalkulatoren 2020. Her kan du rekna på økonomien med å sluttfôre  lam i ulike tidsperiodar med utgangspunkt i ulike vekter, tilvekstar, tilskotssoner osv. 

Vurdering av feittgruppe
Når ein skal vurdere om eit lam er slaktemogent, så vurderer ein eigentleg kva feittgruppe ein trur lammet har. Det varierer kor tungt eit lam er når det byrjar å avleire feitt:

  • Lam som har hatt ein jamn god tilvekst, avleirar feitt ved ei høgare vekt enn eit lam som har hatt lågare tilvekst
  • Intensiv sluttfôring fører ofte til feittavleiring på ei lågare vekt enn meir ekstensiv sluttfôring
  • Søyelam avleirar som regel feitt ved lågare vekt enn vêrlam
  • Lam av lette raser avleirar feitt ved lågare vekt enn lam av tunge raser

Ideell feittgruppe er rundt 2+/3-. Da har ein utnytta potensialet i lammet, samstundes som lammet ikkje mistar kvalitetstillegg på grunn av for mykje feitt. I 2019 var snittslaktevekt for lam med desse feittgruppene rundt 19 kg.

Sauebønder er veldig flinke til å vurdere feittmengde (holdvurdering) når dei skal styre fôringa av søyene gjennom vinteren, og for å vurdere om lam er slaktemogne. Da bør ein kjenne på stader på dyret med berre feitt, skinn og bein. Bak på ryggen, på torntappane og tverrutvekstane, og rumperota, er fine stader å vurdere hold. Ein fin måte å øve seg på, er å holdvurdere slaktelam, notere forventa feittgruppe og samanlikne med slakteresultata når dei kjem.

Holdvurdering Snitt rygg

Vurdering av slakteprosent
Når ein skal plukkslakte i store slaktelam-flokkar, kan det vera rasjonelt å ta utgangspunkt i ei levandevekt som ein grovsorterer lamma etter, og så ta den siste sjekken ved å holdvurdere kvar enkelt lam som held vektkravet.

Når ein skal sikte seg inn på ei forventa slaktevekt, må ein ta stilling til slakteprosenten, eller prosent slaktevekt av levandevekt. Her er dei viktigaste faktorane som påverkar slakteprosenten:

  • Søyelam og godt kjøttsette lam har høg slakteprosent
  • Lam vege om morgonen før beiting, har høgare slakteprosent enn lam vege om kvelden
  • Lam vege i sankegjerde med lite fôr i vomma, har høg slakteprosent
    Erfaringar frå Beinhelleren sankelag i Hordaland er at slakteprosenten kan liggje på 44-45 % på slike lam.

Vanleg slakteprosent på Norsk kvit sau på beite er 40 % på vêrlam og 42 % på søyelam. Siktar ein seg inn på 20 kg slaktevekt for vêrlam og 18,5 kg slaktevekt på søyelam, må altså vêrlamma vega ca 50 kg og søyelamma ca 44 kg.

Lykke til med levering av kvalitetslam til Nortura!