Stor innmelding til veke 42
(15.10.24) Fyrste veka av oktober er inne i slaktestatistikken. Da slakta Nortura 56 000 lam med medel slaktevekt 18,6 kg, medel klasse R (8,0) og medel feittgruppe 2+/2 (5,6).
Vekta ligg 0,2 kg over fjoråret, klassen ligg også litt over fjoråret, medan feittgruppa ligg litt under fjoråret på same tid. Dette er fine lam å tilby marknaden.
Vi er nå i gang med veke 42 (14. - 20. oktober). Som venta var det stor innmelding denne veka, da det er fyrste veka med effektivitetstillegg på sau + ei krone opp på grunntilskotet. Det har tydelegvis Nortura-sauebonden fått med seg!
Det blir lagt opp til overtid og laurdagsslakting på mange av slakteria, slik at Nortura aukar opp kapasiteten til ca. 52 000 lam og ca. 13 000 sau.
Lamma går unna også denne veka, medan det er planlagt å legge 6 400 sau på reguleringslager.
Tilbod om medlemskjøp av sau
I denne veka går vi også ut med eit tilbod om medlemskjøp av årets sau. Medlemmer og leverandørar får tilbod om å kjøpe ein halv, tredelt sau fryst og pakka i kartong. Sjå meir om tilbodet her.
Vi håpar dette kan bli ein ny god salskanal for sau.
Statistikk graf Nortura
Statistikk tal Nortura
- Tabell med slaktestatistikk veke 31 - 40, pdf. 416 kb
- Tabell med slaktestatistikk veke 31 - 39, pdf. 416 kb
- Tabell med slaktestatistikk veke 31 - 38, pdf. 415 kb
- Tabell med slaktestatistikk veke 31 - 37, pdf. 415 kb
- Tabell med slaktestatistikk veke 31 - 36, pdf. 415 kb
- Tabell med slaktestatistikk veke 31 - 35, pdf. 414 kb
Statistikk total
- Animalia: Slaktestatistikk - småfe (ekstern lenke)